Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Naturforvaltning

Observasjoner av rovdyr og skader på bufe skal rapporteres til Statens naturoppsyn ved regional rovviltansvarlig:

Espen Marker, tlf. 975 70 975, epost: espen.marker@dirnat.no

  • Allemannsretten

  • Erstatning for husdyr drept eller skadd av rovvilt

  • Fellingsløyve

  • Jegerprøven

  • Motorferdsel i utmark og vassdrag

    Generelt

    Bruk av motorkøyretøy i utmark er ikkje lov utan løyve frå kommunen.

    Snøskuterar og motorkøyretøy

    Har du behov for å bruke motorkøyretøy eller luftfartøy i utmark til føremål som ikkje er offentleg kjende nytteføremål, må du søkje kommunen om løyve. Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivsla. I hovudsak er bruk av motorkjøretøy til for eksempel redningsteneste, jord- og skogbruksnæring og faste bustader tillate etter lova, mens ferdsel til andre føremål krev at du får løyve frå kommunen. Merk at du uansett ikkje kan få løyve til turkøyring, men turkøyring kan skje i fastsette snøskuterløyper til slikt føremål. Kommunen har mynde til å fastsetje snøskuterløyper etter gjevne rammer. Kommunen har likevel inga plikt til å etablere slike løyper.


    Vannskuter og andre motorfartøy

    Vannskuterar er i utgangspunktet tillate i innsjøar større enn 2 kvadratkilometer, på elvestrekningar og på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer dersom desse går inn som ein del av eit farbart vassdrag. Men kommunen kan avgrense bruken:

    •     Kommunen kan avgrense ferdselen til delar av ei elvestrekning eller innsjø eller berre tillate ferdsel for visse båttypar, båtar med avgrensa snøggleik eller motorstorleik, til bestemte føremål, til bestemt tid osv.
    •     Kommunen kan vedta fartsavgrensningar i sjøområda i kommunen.
    •     Kommunen kan også forby bruk av vannskuter i eit sjøområde nær land, av omsyn til bygd område på land.

    Vilkår

    Du må søkje om godkjenning for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei føremåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter
     

    • når fastbuande vil ta på seg køyreoppdrag (transport av funksjonshemma, transport av ved, tilsyn av privat hytte o.a.)
    • når hytteeigar vil transportere bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte
    • når institusjonar eller ideelle organisasjonar har gruppeturar for bebuarar, pensjonistar eller funksjonshemma

    I unntakstilfelle og når det ligg føre særskilte grunnar, kan kommunen gje løyve til motorferdsel som er knytt til føremål som forskrifta ikkje nemner spesielt. Du må ha eit særskilt behov som ikkje kan bli dekt på annan måte, og som ikkje er knytt til turkøyring. Kommunen vil gjere ei konkret vurdering. Behovet ditt blir vurdert mot moglege skadar og ulemper. Det skal mykje til før ein kan gje ein slik dispensasjon. Generelt er det vanskelegare å få dispensasjon for å køyre på barmark enn på snødekt mark. Før det blir gjort vedtak som har innverknad på naturmangfaldet, skal kommunen òg vurdere søknaden mot dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova.

    Løyve etter § 5 c vert gjeve til dei som har 2,5 km eller meir frå brøyta bilveg.

    Brosjyrer og informasjon

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Gunhild AustjordPlan- og næringssjef35 07 52 41488 67 02635 07 71 33Send Epost

    Kontaktavdeling

    Landbruk

    LederSverre Bakke
    E-postpostmottak@tokke.kommune.no
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    Besøksadresse3880 DALEN

    Lovar og retningsliner

    Sjå blant anna naturmangfoldlova § 7 og småbåtlova §§ 38, 39 og 40.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Kommunen (eller Fylkesmannen) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

    Skjema

    Vedlegg

    • Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
    • Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
    • Kart som viser køyretraseen
    • Eventuell dokumentasjon av særlege behov

    Søknadsfrist

    Søknaden må sendast i god tid.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Opptenning av eld utandørs

  • Vald - godkjenning

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk