Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Bandtvang

Tokke kommunestyre vedtok i møte 13.06.06 lokal forskrift om hundehald i Tokke. Dette er gjort med heimel i lov om hundehald av 01.01.2004  §§§ 6, 11 og 12.

Dei viktigaste reglane i lov om hundehald og forskrifta er som følgjer.

  • Generell bandtvang for alle hundar er 1. april til 20. august.

§ 4 i hundelova seier at hundar bare kan vera lause når dei: ” blir fulgt og kontrollert på en aktsom måte”.

§ 9 i hundelova gjev unntak frå sikringsregelen  for jakthundar frå 20. august.

Det vil seia at ein kan trene jakthundar, med løyve av grunneigar, frå 20. august. Ein kan bruke jakthundar til lovleg jakt frå 10. sept. , som er fyrste dag i småviltjakta.

  • For andre hundar er det bandtvang , jamfr. lokal forskrift, fram til 15.sept i utmark og 25. sept. ved innmark.
  • Det er, jamfr. lokal forskrift, bandtvang heile året i bustadfelt, friområde innanfor bustadfelt, samt i og nær anlegg for idrett.
  • Forskrifta gjev ikkje tilgang for hundar til leikeplassar, skulegardar og kyrkjegardar.

Forskrifta kan ein hente ned frå internett www.lovdata.no /forskrifter/lokale.

Nærmare opplysningar kan ein få ved å kontakte skogbrukssjefen.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk