Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Helsetenestetilbod til flyktningar og asylsøkjarar

  • Kommunal bustad

  • Mellombels botilbod

  • Omsorgsbustad

    Generelt

    Ein omsorgsbustad er ein heim for eldre, sjuke eller funksjonshemma og spesielt tilrettelagd for pleie.

    Ein omsorgsbustad er ein bustad som er tilpassa rørslehemma og lagt til rette slik at bebuaren skal kunne ta imot heildøgns omsorg etter behov. Bustaden er bebuaren sin eigen heim. Bebuaren betalar husleige og mottek heimetenester på same vilkår som for andre heimebuande.

    Målgruppe

    Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre.

    Vilkår

    Kommunen tildeler omsorgsbustad etter vedtekne reglar.

    Pris

    Kontaktavdeling

    Helse- og omsorgsetaten

    LederAnn Wraa
    Telefon35 07 52 00
    E-postpostmottak@tokke.kommune.no
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    Besøksadresse3880 DALEN

    Lovar og retningsliner

    Dette er ikkje ei lovpålagd teneste. Opphald i omsorgsbustad er regulert gjennom husleigekontraktar, jf. husleigelova. Tildeling av omsorgsbustad er eit enkeltvedtak med dei rettane og pliktane som følgjer av forvaltningslova.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsbustad, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.  

    Handsaming

    Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

    Handsamingstid

    Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Sjukeheim - avlastingsopphald

  • Sjukeheim - korttidsopphald

  • Sjukeheim - langtidsopphald

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk