Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Naturskadar - erstatning

    Generelt

    Dersom du har eigedom som er blitt ramma av ei naturulyke, som flaum, storm eller skred, kan du få erstatning gjennom naturskadeordninga.

    Det finst naturskadar det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ein vanleg forsikringsordning. Naturskadeerstatningslova regulerer det offentlege sitt tilbod om erstatning for slike skadar, og har til føremål å gje erstatning etter ei naturulykke slik at du kan halde fram med verksemda. Ordninga gjeld for heile den private sektor og er ikkje ei spesiell ordning for landbruket. For at skaden skal bli sett på som ein naturskade som gjev grunnlag for erstatning, må skaden direkte skuldast ei naturulykke (skred, storm, flom, jordskjelv o.l.).

    Målgruppe

    Gjeld for alle private personar og verksemder som er utsette for naturskadar

    Vilkår

    For å ha krav på erstatning frå statens naturskadeordning må desse vilkåra vere oppfylte:

    • Det må ikkje vere høve til å forsikre seg mot skaden ved ei alminneleg forsikringsordning.
    • Den skadelidne må ikkje ha krav på erstatning av tredjemann.
    • Naturskaden må ha skjedd på fast gods i Noreg eller på lausøyre som er i Noreg når eigaren bur eller er arbeidstakar i Noreg.
    • Skaden må ikkje ha skjedd på eigedom som tilhøyrer staten, ein kommune eller ein fylkeskommune, eller der nokre av desse har ei framtredande økonomisk interesse.
    • Søknaden må sendast seinast tre månader etter at skaden skjedde.

    Skadar med grunnlag for erstatningsutmåling under 20 000 kroner blir ikkje erstatta.

    Pris

    Ved naturskadehendingar som blir søkt erstatta av staten, skal det bli trukke ein prosentvis eigendel. Det blir trukke 30 % av dei første 100 000 kroner, og 15 % av den delen av erstatninga som overstig 100 000 kroner.

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Gunhild AustjordPlan- og næringssjef35 07 52 41488 67 02635 07 71 33Send Epost

    Kontaktavdeling

    Plan-, nærings- og kulturetaten

    LederGunhild Austjord
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    BesøksadresseStorvegen 60 3880 DALEN
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk