NVE har bede Statkraft svare på 6 aktuelle tema slik revisjonssaka no står, og Statkraft sitt svar finn du HER.

Dei 6 tema er:

  • minstevassføring i Tokkeåi
  • fiskepassasje/fisketrapp forbi Helvetesfossen
  • omløpsventil i Lio kraftverk
  • stoppforløp (nedkøyringsregime) i Lio kraftverk
  • temperaturinntak i Byrtevatn
  • magasinrestriksjonar og flaum

Her er eit forsøk på ei kort oppsummering av Statkraft sine synspunkt i vilkårrevisjonssaka slik kommunen ser det:

  • Statkraft er negativ til minstevassføring i Tokkeåi frå Åmot, men vil sikre vassdekt areal i nedre del av Tokkåi (frå Lio kraftverk) ved hjelp av omløpsventil i Lio og langsam nedkøyring ved stans av kraftverket. Dei gjennomførte habitatforbetrande tiltaka i nedre del av Tokkeåi reduserar trongen for høg vassføring i oppgangsperioden for storauren.
  • vert det likevel minstevassføring i Tokkeåi er det beste å sleppe heile volumet frå Vinjevatn i staden for å dele minstevassføringa frå Vinjevatn i kombinasjon med stenging av bekkeinntak.
  • fiskepassasje forbi Helvetesfossen kan byggast for omlag 8-15 mill kr, og denne kan ha verdi også utan minstevassføring i Tokkeåi frå Vinjevatn.
  • Statkraft er i prinsippet positiv til å installere omløpsventil i Lio med ein kapasitet på om lag 6 m3/s, men denne må sjåast i samanheng med eit eventuelt pålegg om minstevassføring i Tokkeåi.
  • eit inntaksarrangement i Byrte vatn som gjev temperert overflatevatn ut gjennom Lio kraftverk er svært krevjande og vil vere ein stor konstruksjon i vatnet som vil koste mykje (100 mill kr?). Sidan inntaket til Lio kraftverk ligg i nærleiken til utløpet av Byrte kraftverk må det også byggast tilsvarande inntak i Botndalsvatnet for å få ynskjeleg resultat.
  • magasinrestriksjonar i form av raskare oppfylling av Byrtevatn og Botndalsvatn om våren og høgare vasspegel gjennom sumaren gjev redusert flaumdempingskapasitet.

Statkraft sine vurderingar og grunngjevingar gjeng elles fram av deira brev som det her er visa til.

Heile Statkraft sitt svarbrev med vedlegg - og anna sentral  dokumentasjon i revisjonssaka, finn du på NVE sine heimesider her:

https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=4740&type=V-1