Aktiv A - for deg som lever med artrose

Aktiv A er eit kurs for deg med artrose i kne og/ eller hofte. Artrose (eller slitasjegikt) er ein kronisk sjukdom der brusken på leddflatene vert brote ned i eitt eller fleire ledd, og gir nedsett funksjon og smerte. Det er viktig å kome i gang med behandling og trening på eit så tidleg tidspunkt som mogleg. AktivA er eit behandlingsopplegg for pasientar med artrose, der ein får undervisning for å auke kunnskapen rundt artrose og eit individuelt tilpassa treningsopplegg med oppfølging over 6 veker i gruppe.

Innhald

  • Konsultasjon med fysioterapeut som inkluderer spørreskjema og test av funksjon før oppstart. Veke 1-2 2021.
  • Undervisning: Artroseskole 1,5 time x2. Veke 50-51 2020: Tema er m.a. kva er artrose, trening/aktivitet og eigenmestring.
  • Trening to gonger i veka på Elvarheim; Tysdag kl.14.15-15.00 og torsdag dag kl. 15.00-15.45 i 6 veker med fokus på styrke, stabilitet, balanse, rørsle, og utholdenheit.
  • Spørreskjema og retest av funksjon etter endt kurs. Veke 10-11 2021.

Pris: Gratis.

Påmelding innan veke 47 til: 

Jette Bergfjord, mob. 469 31 427, e-post: jette.bergfjord@tokke.kommune.no

Susann Kvalø Bugodt, mob. 900 45 823, e-post: susann.kvalo.bugodt@tokke.kommune.no