Fysioterapi
Redusert fysioterapitilbod
Bemanninga i kommunal fysioterapiteneste har sidan 01.01.21 vore redusert, og det vil framleis vere begrensa ressursar ei tid framover til ny fysioterapeut er tilsett. Kommunestyret har vedteke å auke opp at 20% stilling i kommunal fysioterapi, slik at det igjen er moglegheit for to 100% fysioterapistillingar.

Fysioterapi er ein del av helsetilbodet i kommunen. Fysioterapeutar kan både førebyggje og behandle sjukdom eller skade, og arbeider med funksjon og rørsle for å redusere kroppslege plager og fremje helse.
Fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod. Fysioterapeuten er anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Hovudregelen er at du oppsøker fysioterapeut med driftsavtale dersom du sjølv kan møte opp på instituttet. Viss du av helsemessige årsaker ikkje har moglegheit til det, kan du ta kontakt med kommunal fysioterapeut som driv oppfylging både i barnehage/skule, på sjukeheimen og i private heimar.
Fysioterapitenesta gjer ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet. Du kan ta kontakt sjølv, og treng ikkje tilvising frå lege eller anna helsepersonell.
Fysioterapeutane i kommunen arbeider også på Frisklivssentralen og med kvardagsmeistring som er eit rehabiliteringstilbod for heimebuande
I Tokke kommune er det to privatpraktiserande fysioterapeutar. Fysioterapeutane har ei prioriteringsliste som dei følgjer, og det kan difor vere ventetid. Dei følgjer eigenandel opp til frikort. Tidlegare besto frikortordninga av eigenandelstak 1 og eigenandelstak 2. Frå 1. januar 2021 er det kun ei frikortordning i Noreg som gjeld alle helsetenestar som inngår i frikortordninga. Du får frikortet innan tre veker etter at du har betalt over 2460 kroner i eigenandel.
Eigenandel gjeld ikkje born opp til 16 år eller om ein har yrkesskade.
Meir informasjon om gjeldande eigenandel og frikort finn du her: https://www.helsenorge.no/betaling-for-helsetjenester/betaling-hos-fysioterapeut Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert