Reguleringsplanar

Reguleringsplanar er juridisk bindande arealplanar som må følgjast når det gjeld ved søknader om t.d. frådelingar, bygging, etablering av vegar og andre arealbruksspørsmål og fysiske tiltak. Det er utarbeidd reguleringsplanar i tettbygde område og i hytteområde. Nedanfor ser du kva eigedomar og område som er omfatta av reguleringsplanar. Der det ikkje ligg føre reguleringsplan, er det kommuneplanen sin arealdel som er juridisk bindande i areal- og byggjespørsmål.

Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen bestemmer korleis området kan brukast og kva som kan byggast der.
Planen består av av eit kart med konkrete føringar for kva formål eigedomen har og kva som kan gjerast på eigedomen, til dømes kor høgt og stort du kan bygge. Dersom du planlegg å bygge på ein eigedom, må du fyrst undersøke kva for reguleringsplan som gjeld for den aktuelle eigedomen.

To typer reguleringsplanar

Det finst to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering.

Områderegulering lagast av kommunen og styrer utviklinga i eit større område, til dømes Dalen sentrum.

Detaljreguleringar er planar for mindre område til dømes bustadfelt, hyttefelt eller vegstrekning. Både kommunen, privatpersonar, utbyggarar og andre initiativtakerar kan koma med forslag til ei detaljregulering, men det er fagpersonar som arkitektar og arealplanleggarar som utarbeidar planforslaget.

Det er kommunestyret i Tokke som vedtek reguleringsplanane.

Korleis kan du påvirke reguleringsplanen?

Ein viktig del av arbeidet med reguleringsplanen er å få innspel frå innbyggarane. Du kan koma med innspel til to rundar i planarbeidet: Når planarbeidet startar (ved varsel om oppstart) og når forslaget er klart (ved offentleg ettersyn). I begge rundane får naboar, grunneigerar og relevante offentlege organ varsel om planarbeidet. Planarbeidet vert også kunngjort i Vest-Telemark blad og her på Kunngjering av planar til høyring Lenke til et annet nettsted.. I kunngjeringane står det korleis du kan koma med merknader og innspel, og kven du skal rette dei til.

Varsel om oppstart

Når nokon skal lage ein reguleringsplan, må dei varsle om oppstart av planarbeidet til naboar og andre som blir berørt av planen. Dersom du har fått eit slik varsel og har spørsmål eller innspel til planarbeidet, sender du dei til den fagkunnige som står som avsendar. Fristen er opptil seks veker.

Offentleg ettersyn

Når me har motteke planforslaget , skal alle få moglegheit til å koma med innspel. No inneheld planforslaget detaljerte beskrivingar, kart og føresegner og andre utgreiingar. Dersom du har merknader og innspel, sender du dei direkte til oss, dette står i Kunngjeringa. Lenke til et annet nettsted. Fristen for å koma med merknader i denne runden er minst seks veker.

Etter runden med offentleg ettersyn, skal kommunen og den som har laga planforslaget, vurdere kva for uttaler/merknader som skal påverke planforslaget. Den som har laga planforslaget oppdaterer så forslaget, og planforslaget blir sendt til politisk handsaming i formannskapet og endeleg vedtak i kommunestyret.

Plankart og føresegner 
10/1  SkatterPlankart pdf, 812 kB.     Føresegner pdf, 57 kB.
15/11 MyrbøPlankart pdf, 2 MB.     Føresegner pdf, 57 kB.
36/3 LangesæliePlankart  pdf, 750 kB.    Føresegner pdf, 1 MB.
77/1 Gråndalen hytteområdePlankart  pdf, 7 MB.    Føresegner pdf, 212 kB.
77/1 SauliPlankart pdf, 6 MB, åpnes i nytt vindu.           VA-plan pdf, 4 MB, åpnes i nytt vindu.
77/3 BuinstøylPlankart  pdf, 2 MB.    Føresegner pdf, 288 kB.
104/2,3 GranaroiPlankart pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu.     Føresegner pdf, 199 kB, åpnes i nytt vindu.
105/2 HagaugarnePlankart  pdf, 490 kB.    Føresegner pdf, 19 kB.
105/7 HovundPlankart  pdf, 3 MB.    Føresegner pdf, 865 kB.
105/8 Brurestøyl hyttefeltPlankart  pdf, 2 MB.    Føresegner pdf, 699 kB.
112/1 Ånovd - BotnedalenPlankart  pdf, 505 kB.    Føresegner pdf, 23 kB.
113/3,5 Låmyr - BotnedalenPlankart  pdf, 1 MB.    Føresegner pdf, 27 kB.
118/1 VendalenPlankart pdf, 12 MB.     Føresegner pdf, 3 MB.
123/1 MyrstøylPlankart  pdf, 812 kB.    Føresegner pdf, 57 kB.
123/7 Hallbjønnsekken Sør - eldre feltPlankart  pdf, 4 MB.    Føresegner docx, 18 kB, åpnes i nytt vindu.
123/7 Hallbjønnsekken Sør IIIPlankart  pdf, 1007 kB, åpnes i nytt vindu.    Føresegner docx, 18 kB, åpnes i nytt vindu.
123/9 Svivom IPlankart  pdf, 4 MB.    Føresegner pdf, 80 kB.
123/22 Svivom IIPlankart pdf, 1019 kB, åpnes i nytt vindu.  pdf, 2 MB.    Føresegner pdf, 32 kB.
123/23 Svivom IIIPlankart  pdf, 2 MB.    Føresegner pdf, 13 kB.
123/28 BorsætoppenPlankart pdf, 2 MB.     Føresegner pdf, 42 kB.
123/32 Digernes IIIPlankart pdf, 696 kB, åpnes i nytt vindu.     Føresegner pdf, 21 kB.
123/56 Hallbjønnsekken VestPlankart pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu.    Føresegner docx, 21 kB, åpnes i nytt vindu.
123/56 Hallbjønnsekken F8Plankart  pdf, 502 kB, åpnes i nytt vindu.   Føresegner pdf, 80 kB, åpnes i nytt vindu.
127/1 Neverdalen u/TveitenPlankart pdf, 2 MB.     Føresegner pdf, 25 kB.
132/3 Aamli nedre - HylebuPlankart pdf, 655 kB.     Føresegner pdf, 31 kB.
134/1 Tveiten Søndre - HylebuPlankart pdf, 534 kB, åpnes i nytt vindu.     Føresegner pdf, 55 kB.
137/3 Glosliheia - revidertPlankart pdf, 1 MB.     Føresegner pdf, 243 kB.
137/3 Glosliheia - eldre planPlankart pdf, 24 MB, åpnes i nytt vindu.     Føresegner pdf, 63 kB, åpnes i nytt vindu.
137/5 GrimdalsbakkanePlankart pdf, 1 MB.     Føresegner pdf, 26 kB.
138/4 Fjøddhommen - HylebuPlankart pdf, 2 MB.     Føresegner pdf, 74 kB.

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?