Det skumle biblioteket

Om kvelden 31. oktober skjer det noko underleg på Tokke bibliotek. Det vert mørkt og nifst, og dei snille bibliotekarane blir byta ut med fæle hekser. Velkomen om du tør...
Etter ei koronapause gler me oss veldig til å ta opp igjen tradisjonen med ope (spøkelses-)hus siste dag i oktober. Elevar frå Vest-Telemark vgs vil stå for kafé og overraskingar.
Kl. 18 - 19.30 Besøk Rustne Rihanna og få deg ein Halloween-tatovering
Kl 18.15 og 18.45 Høgtlesing av skumle historiar i bibliotekkroken
Kl 19.30 Premiering av utkledning (juryen legg vekt på grufull stil - fantasi - gjenbruk og miljø), fleire aldersklassar
Kl. 19-20 Intro til kortspelet MAGIC : The Gathering. Kast mektig magi, ver leiar for ein armé av eventyrlege vesen, kjemp ein heroisk kamp på slagmarken. Lokale spelentusiastar gir innføring og håpar å kunne utvide Magic-miljøet på Dalen.
Sist oppdatert