Covid-19 - utlevering av og registrering av sjølvtest

Maks 3 5-pakningar per husstand i fyrste omgang.

Du skal berre teste deg ved symptom på luftvegsinfeksjon eller som husstandsmedlem eller tilsvarande nærkontakt av ein smitta. 

Om du treng sjølvtest for koronavirus kan du no få dette på fylgjande stader: 
- kommunehuset i resepsjonen 
- Tokke folkebibliotek, Dalen 
- Åmdals Verk Daglegvare i bemanna opningstid (kl 10-17) 
- Joker Høydalsmo 
- Åheim bufellesskap 
- Tokke legekontor 

Testane er i pakker à 5 sjølvtestar, og då det førebels ikkje er ubegrensa med testar tilgjengeleg, så ber me dykk avgrense uttaket til ein 5-pakning per person som skal teste seg, og 3 5-pakningar til same husstand i fyrste omgang. Ein kan hente fleire seinare om ein treng det - etter kvart som staten etterfyller kommunane med sjølvtestar. 

Har du teke ein sjølvtest og denne er positiv kan du registrere dette her: Registrer positiv sjølvtest og nærkontaktar - TOKKE KOMMUNE

Treng du hjelp eller i staden ynskjer å melde inn positiv testresultat via telefon, kan du ringe kommunens koronatelefon: 903 66 117.

Berre desse skal ta PCR-test ved eventuell positiv sjølvtest: 
- born opp til 16 år 
- dei som ikkje er vaksinerte 
- personar i risikogruppene 
- personar som ikkje har fenge 3 doser og treng koronasertifikat for å reise utanlands. 
 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?