BIO-midlar hausten 2022

Tilskotsordninga for bedriftsintern opplæring skal bidra til at verksemder kan oppretthalde og styrkje kompetanse hjå eigne tilsette.

Nye søknadsfristar er 20. september og 10.november.

Verksemder som må gjere ei vesentleg endring i produksjon, etablere seg på nye marknadar, eller treng eit kompetanseløft, kan søkje om bedriftsintern opplæring. Det er ein føresetnad at tilskotet vil bidra til å oppretthalde og styrke kompetansen til tilsette i verksemda. Ordninga gjeld for tilsette, heilt og delvis permitterte.

Verksemda må sjølv søkje, og tilskotet skal dekke kostnadar knytt til opplæring og lønsutgifter til deltakarar i opplæringsperioden. Det skal ligge til grunn plan for opplæring i verksemda samt gjennomføringsplan.

Sjå meir info om søknad her Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?