Opplæring i norsk og samfunnskunnskap

Oppstart: måndag 6.mars kl. 18.00 i veke 10
Stad: Tokke kommunehus
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap på kveldstid for innvandrarar
Vi planlegg norskkurs på kveldstid for personar med utanlands bakgrunn som ynskjer å bli betre i norsk. (gjeld ikkje personar som deltek på introkurs i regi av vaksenopplæringa)
Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap skal gjere deg i stand til å snakke norsk og forstå samfunnet. Opplæringa skal gje deg eit minimumsnivå i norsk.
Når opplæringa er ferdig vil du få eit kursbevis. Vi tilbyr 3 timar pr kveld to gonger i veka. ( frå veke 10 t.o.m. veke 23)
Måndagar kl. 18.00 - 21.00
Onsdagar kl. 18.00 - 21.00
Du må sjølv betale for læremateriellet (kr 1000).
Slik søkjer du
Send epost til:hilde.oyane@tokke.kommune.no
Åpnes i nytt vindu.
Tlf: 35 07 52 29
Frist påmelding : fredag 17 februar2023
Sist oppdatert