Rapport - ny næringsplan 2023-2026

Tokke kommune arbeider med å utforme ny næringsplan

Vi har engasjert Travers Lab AS til å kartlegge behov, utfordringar og moglegheiter knytt til morgondagens næringsliv. Dei har utarbeida ein rapport som syner resultat  frå kartleggingsarbeidet.

Du kan lese rapporten her Pdf, 6 MB, åpnes i nytt vindu.

Det er gjennomført intervju med næringsdrivande, ein open og digital arbeidsverkstad, og det er gitt høve til å kome med innspel på Tokke kommune sine heimesider. Det er i tillegg gjennomført ei spørjeundersøking som er retta mot ungdom og framtidige mål og ynskje som og kan nyttast i vidare arbeid.

Vidare arbeid vil bli basert på kartlegging, undersøkingar og innspel.

Forslag til ny næringsplan vil bli lagt ut på høyring i april/ mai 2023.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?