Nytt ungdomsråd i Tokke kommune

Den 27.09.23 blei det konsituert nytt ungdomsråd i Tokke for 2023-24. Funksjonstida er frå 01.10-30.09 og valperioden kan vere inntil 2 år. Les meir her for å bli kjent med det nye rådet
Ungdomsråd 2023-2024
Tokke ungdomsråd består av 2 representantar frå Tokke skule, 2 representantar frå Høydalsmo skule og 2 representantar frå Vest-Telemark vidaregåande skule. Tokke ungdomsråd består dermed av 6 ungdomar.
Det nye ungdomsrådet består av nokon som har vore med tidligare, og nokon heilt nye. Representantane ga eit veldig godt inntrykk under det første møtet, og det lover godt for dei kommande to åra at nettopp desse skal representere Tokke kommune.
Følg oss gjerne på instagram: Tokke ungdomsråd
Her er representantane i ungdomsrådet
Julie Konstanse Veen Hagen og Ayoub Raslan Khalifa frå Vest-Telemark videregåande skule.
Sverre Nygård Ståland og Ann Hege Lofthus frå Høydalsmo skule.
William Gauslå og Emma Heggard frå Tokke skule.
Vararepr. Bjørn-Olav Kovajord Olsnes Høydalsmo skule og Per Espolin G Johnson Tokke skule.
|






Ayoub Raslan
Khalifa
Julie Konstanse
Veen Hagen
Ann Hege
Lofthus
Sist oppdatert