Ny gang- og sykkelveg på Vistadmoen

I desse dagar blir det bygd ein ny gang- og sykkelveg som går langs fylkesveg 38. Den går frå krysset/avkøyringa til Gullkopp og opp til velteplass/lomme like før Vistad bru. Det blir ny belysning langs gang- og sykkelvegen. Det skal òg byggjast vatn og avløp i den nye gang- og sykkelvegen.
Oppstart var no i november og sluttfristen på prosjektet er september 2024.
Sør Entreprenør er vald som hovedentreprenør. Kontraktssummen er på 9,2 millioner inkl. mva.
Etter at prosjektet er ferdig, skal gang- og sykkelvegen overleverast til fylket.
Korte trekk om prosjektet:
- 760 meter med ny gang- og sykkelveg
- Det blir lagt nytt vatn og avlaup frå eksisterande industriområde og fram til under Fv. 38 ved Vistad bru.
- Vegetasjonsrydding og oppgrusing av ein gammal sti frå velteplass og under Vistad bru som er kopla mot eit stisystem på vestsida av brua
- Kryssing av Fv 38, ved vistad bru. Legge fram vatn og avlaup og høgspent for industri
- Flytte eksisterande innkøyring som ligg 550 meter vest for kryssa Gullkopp/Fv. 38. Denne skal flyttast 30 meter vestover.
Sist oppdatert