Sommarhelsing frå fungerande ordførar

Informasjon om prisar på bubilparkeringa

Det har i omlag 10 år vore bubilparkering ved Dalen bryggje/Tippen. Tokke kommune er grunneigar og drivar av parkeringa. Prisen for parkering har dei seinare åra vore kr 250 per bubil utan straum og kr 300 inkludert straum. I byrjinga av juli fekk Tokke kommune ei førespurnad om at kommunen bør auke prisen, slik at kommunen ikkje er rimelegare enn private campingplassar.

Tokke kommune vedtok, med verknad frå 8. juli, at prisen skulle aukast frå kr 250 til kr 450 for parkering utan straum og frå kr 300 til kr 550 for parkering med straum. Sistnemnde prisauke er på over 80 %. Tokke kommune har fått kritikk for at dette prisnivået er øvste prisklasse nasjonalt. Vi har også sett at det er færre bubilar som er parkert på Tippen.

Tokke formannskap har denne veka blitt orientert om saka. Formannskapet meiner at prisen bør reduserast. Frå i morgon, 

27. juli, vil prisen vere kr 300 for parkering utan straum og kr 350 med straum. Det er ei auke på omlag 17 %.

Så ynskjer Tokke formannskap ei sak om prising på bubilparkeringa for 2025 sesongen. Bør prisen til dømes vere ulik i høgsesong og lågsesong? Her vil det vere mogleg å kome med innspel til kommunen knytt til kva prisnivået bør liggje på. 

 

Vi ynskjer dykk ein forsatt god sommar i vår flotte kommune 😊

 

Beste helsing

Camilla Lagergren Knudsen
fungerande ordførar

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?