Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) – utsett frist!

Grunna få søknadar ved førre søknadsfrist, har Tokke kommune framleis att ei god ramme i SMIL-ordninga. Ny søknadsfrist er 1. september!
Føremålet med tilskotsordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiar i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Tilskot kan gjevast til føretak som oppfyller vilkår for produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Tilskot kan også gjevast eigar av landbrukseigedom dersom landbrukseigedommen leiger bort areal til ein produksjon som oppfyller vilkåra for produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket.
I Tokke vert desse tiltaka prioritert:
- dekke over eksisterande gjødsellager
- rydding av gamle kulturbeiter
- restaurering av verna/verneverdige bygningar
Elektronisk søknadsskjema finn du her: Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet Lenke til et annet nettsted.
Ta kontakt med jordbruksrådgjevar Gunnhild Breiland, telefon 35 07 52 42 eller e-post gunnhild.breiland@tokke.kommune.no dersom du har spørsmål eller om du har eit prosjekt som du vil søkje tilskot til.
Sist oppdatert