Kjære foreldre, busette i Tokke, og som har fått born i 2022/2023.

Me vil gjerne invitere dykk til museet i Eidsborg fredag 6 september kl 14.30 for å ynskje dei nye innbyggarane våre velkomne.
Det blir eit enkelt samkome der me fyrst får servert pannekaker til borna og kjøtsuppe til dei vaksne, før ordføraren delar ut gåvekort og helsing. Me avsluttar med kaffe, litt frukt og noko søtt.
Påmelding gjer du ved å ringe inn til resepsjonen på kommunehuset, innan kl 11, måndag 2. september.
Tlf.35075200
Me håpar så mange som råd har høve til å koma, og gler oss til å treffe dykk alle!
Arr. Tokke kommune
Sist oppdatert