Tankbilen har fått namn

Onsdag 11. september vart den nye tankbilen til Tokke kommune presentert.
Onsdag 11. september kom Dalen barnehage og og 1. -4. klasse ved Dalen og Høydalsmo skule til brannstasjonen for å feire den nye tankbilen Tokke har fått på plass, og elevane gav den nytt namn. Tankbilen heiter no Tanko!
Skulane hadde laga eit flott namneskilt til bilen, og overraska oss alle med flott song. Ein av elevane hjalp også til med snorklyppinga, noko som involverte litt uvanlege rekvisittar denne dagen sidan snora var ein brannslange og saksa var hydraulisk. Opplæring i bruk av saks er ikkje daglegdags når det kjem til snorklypping, men denne dagen var det nødvendig.
Stasjonen diska opp med grilla pølser til alle som kom. Takk til ungane for dei flotte bidraga.
Sist oppdatert