Informasjon om endringar i "Trygt heim – heim for ein 50-lapp"-ordninga frå 2025

Frå og med 01.01.2025 vil ordninga med "Trygt heim – heim for ein 50-lapp" bli avslutta i si noverande form.

Den eksisterande ordninga vil bli erstatta av tilbodet "Buss – heim for ein 50-lapp", og vil gjelde utvalde større arrangement i kommunen og nabokommunar.

Administrasjonen vil utarbeide ei oversikt over kva for arrangement denne ordninga vil gjelde for, og er veldig takksame for tips om kva for arrangement som er aktuelle. Det vil også bli tatt initiativ til dialog med nabokommunane om ei mogleg deling av kostnader, for å sikre eit best mogleg tilbod på tvers av kommunegrensene.

Meir informasjon om kva arrangement som vert omfatta av den nye ordninga kjem etter kvart.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?