Utlysing - Drivar av Lastein Bryggjekafé 2025 - 2029

Er du den nye drivaren av Lastein Bryggjekafé?

 

 

Lastein bryggjekafé er idyllisk plassert på endestasjonen til veteranskipa M/S Henrik Ibsen og M/S Victoria. Skipa går opp Telemarkskanalen frå Skien til Dalen kvar dag i heile sommarsesongen. 

Kafeen er også ein viktig samlingsplass for kommunen. Frå kafeen har du utsikt til både den internasjonalt omtalte saunaen Soria Moria, og eventyrhotellet Dalen Hotel.

 

Me ser etter deg som har lyst til å utvikle denne kafeen til ein ny attraksjon, og til noko som både tilreisande og lokale ikkje kan leve utan.

 

Kan detta vera noko for deg, så vil me gjerne at du sender oss ein søknad! 

 

For fullstendig utlysingstekst, sjå her. Word, 286 kB.


 

Tilbod/søknad skal leverast inn som PDF til Tokke kommune innan 16.12.2024. 

Ta gjerne kontakt på postmottak@tokke.kommune.no/ Lenke til et annet nettsted. 35 07 52 00 om du har spørsmål eller ynskjer visning av bygget. 

 

 

 

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?