Informasjon om sjukepleiarteam

Helse og omsorg tenkjer nytt for å handtere behovet for pleie og omsorgstenester framover.
25. november starta Tokke kommune med sjukepleiarteam felles på institusjon og i heimetenesta.
Sjukepleiarane er tekne ut av avdelingane og er samla i eit felles team som skal utføre sjukepleiaroppgåver og prosedyrer, og hjelpe til der det er behov. Dette gjer at pasientar og brukarar får lik tilgang på sjukepleiar, uavhengig om dei bur heime eller på institusjon. Det gjer også at kommunen får god sjukepleiardekning døgnet rundt, heile året. Sjukepleiarteamet er organisert under heimetenesta der koordinerande fagsjukepleiar koordinerer pasientar og oppgåver. I samband med sjukepleiarteam har alle avdelingane fått ein helsefagarbeidar som gruppeleiar. Gruppeleiaren skal ha eit ekstra ansvar for å ha oversikt over sin avdeling. I tillegg har me fått to avdelingsmedarbeidarar, ein på institusjon og ein i heimetenesta, som skal avlaste pleiepersonell med ein del oppgåver. Slik får me i større grad rett kompetanse til rett tid på rett stad.
Bakgrunnen for sjukepleiarteam er blant anna vanskar med å rekruttere sjukepleiarar til institusjon og eldrebølgja som er venta. I Tokke, som i resten av landet, blir innbyggarane eldre og fleire får behov for kommunale helse- og omsorgstenester, samstundes som færre utdannar seg innan helse. For at dei som har behov for hjelp skal få det dei har krav på, må me tenke annleis. Slik sikrar me at Tokke sine innbyggarar også i framtida får gode tenester.
I samband med omorganiseringa har alle avdelingar starta med Mobil omsorg, som er eit arbeidsverktøy der alle arbeidslister er på mobiltelefonen. Dette gjer det lettare å fordele pasientar og arbeidsoppgåver mellom både dei tilsette og avdelingar, og gjev god oversikt over oppgåver ein skal utføre i løpet av vakta.
Sjukepleiarteam er eit prøveprosjekt på eit år med regelmessige evalueringar undervegs.
Kontaktinformasjon:
Ansvarleg sjukepleiar institusjon: 35 07 55 83
Ansvarleg sjukepleiar heimetenesta: 97 05 80 55
Avdelingsleiar Silje Andrea Kyrkjebø: 47 39 99 88
Sist oppdatert