Dalen

Tippen

Badestrond ved Dalen Bryggje, finkorna sand, flytebryggje og WC

Steinarshylen

Kulp i Tokkeåi, parker ved Vistadbrua, gå inn grusvegen gjennom industriområde og ta til venstre ned ein bratt bakke.

Omdalshylen

Køyr av FV 38 inn på Ravnejuvvegen. Køyr i botnen av bakken og over ei bru. Etter eit lite stykke i oppoverbakke ser du ei nedkøyring til høgre. Parker ved lomma over innkøyringa. Eit lite stykke ned i vegen går det ein sti ned til høgre og du kjem ned til kulpen.

Lårdal

Bakkestrondi

Sandstrond ved Bandak Camping, nedst i bygda. Flytebryggje og WC.

Laugevatn

Tjern øvst i Lårdal. Stend skilta Danseplassen. Flytebryggje, ikkje WC.

Heimdalshylen

Kulp i Lårdalsåi. Ca.100 meter etter Heimdalsstøtta.

Høydalsmo

Oftevatn

Badeplass med sandstrond, skifteskur og sandvolleyballbane. Parkering ved skulen. 

Eidsborg

Eidsborgtjønni

Ligg på nedsida stavkyrkja. Sandstrond og vanntrampoline.

Mo

Mosevatn

Badestrond i Mo, køyr mot Åmot på FV 38 i 6 km, ta av til venstre mot Vinjesvingen (Mo-Byrtevegen) og fortsett i 6,5 km til du ser badeplassen på venstre side av vegen.

Sandstrond, leikeapparat, utedo. Varmt og godt i vatnet som sommaren.

Byrte

Byrtevatn

Køyr mot Åmot på FV 38 i 6 km, ta av til venstre mot Mo/Byrte. Følg denne vegen i 16km til du kjem til broa over Byrtåi. ta så første til høgre. Adressa er Mo-Byrtevegen 1653.

Solrik sandstrand ved Byrtevatn med gode fiskemoglegheitar. Gratis stangfiske. Utedo ved den gamle skulen.

Skafså

Åmlivatn

Frå Storvegen på Dalen tek du av til ventre mot Skafsåvegen, køyr 4,1 km og hald til venstre i krysset. Fortsett på Skafsåvegen i 5,4 km. Det er ein liten parkeringsplass på høgre side av vegen som du må parkere bilen og gå ein sti inn til vatnet, ca. 400m. Sandstrond, bryggje og flytebryggje. Varmt og godt i vatnet om sommaren.

Åmdals Verk

Key Vest-Ø

Åmlivatn