Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Barselgrupper

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

 

Barselgrupper er eit opplysnings- og rettleiingstilbod til nye foreldre. Helsestasjonen inviterer til det første møtet på helsestasjonen og har grupper fram til 15 månars alder. Her kan de dele erfaringar frå fødsel, barsel- og spedbarnstid, mellom anna

  • amming
  • barnestell
  • kosthald
  • utviklinga til barnet
  • førebygging av ulukker
  • samliv
  • tannhelse

Helsesystera kan gje råd og rettleiing dersom de ønskjer det. Borna er sjølvsagt òg med på samlinga.

Målgruppe

Alle foreldre med små born.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Lover og retningslinjer

Dette er inga lovpålagd teneste, men ein måte kommunen vel å formidle informasjon og rettleiing til denne gruppa på. Sjå blant anna

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester og § 3-3 Helsefremmende og forebyggende arbeid
Pasient- og brukerrettighetslova kapittel 7 Klage

Lover

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten

___

Rettleiing - korleis få utført

Når du har født, blir du kontakta av helsestasjonen, som vil gje deg tilbod om å vere med i barselgruppe. Du kan også sjølv ta kontakt med helsestasjonen.

Klagemulighet

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du klage til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør forklare kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukarrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Tokke helsestasjon
Telefon:35 07 55 50
Epost:postmottak@tokke.kommune.no
Postadresse:Storvegen 60 3880 DALEN
Besøksadresse:Revahaugvegen 6 3880 DALEN

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:44