No har du sjansen til å prøve det ut! 59°Nord inviterar unge vaksne i etableringsfasen til å prøvebu i vår splitter nye prøvebustad; NYHEIM – ein heim der du kan kjenne på korleis livet i bygda kan vere.
I NYHEIM får du sjansen til å oppleve bygdelivet utan å forplikte deg på lang sikt. Bli del av eit levande fellesskap, knytt nye vennskap og utforsk kva bygda har å by på. Kanskje er dette den perfekte plassen for deg å slå rot?
Kva vi tilbyr:
- Ein moderne og komfortabel heim for deg og familien din.
- Eit sosialt og inkluderande nærmiljø med spanande aktivitetar og engasjerte naboar.
- Moglegheita til å prøvebu i opptil 2,5 år – utan hast, med god tid til å kjenne på om dette er staden for dykk.
- Nærleik til naturen, jobbmoglegheiter, og gode oppvekstvilkår for barn.
- Husleiga er sett til kr 9500,- per månad.
Me leitar etter deg som ynskjer å utforske livet på bygda og bli ein del av vårt fellesskap. Anten du har planar om å starte familie eller allereie har små barn, er du varmt velkomen til å søkje!
Interessert?
Send inn søknaden din i dag, og ta det fyrste steget mot å finne din ny heim her hjå oss, på Åmdals Verk i Tokke kommune - 59°Nord!
Korleis søkje om å bli prøvebuar i NYHEIM?
Vi vil gjerne høyre frå deg som ønskjer å prøvebu i vår spennande nye bustad og utforske livet i bygda vår. Søknaden din treng ikkje fylle eit bestemt skjema – du står fritt til å bestemme formatet, enten du vil skrive eit brev, lage ein presentasjon, ein film eller noko anna som passar deg. Det viktigaste er at du omtalar fylgjande punkt:
1. Kven er de som vil flytje?
- Fortel om deg sjølv og dei som blir med på flytjelasset. Gjev oss litt bakgrunnsinformasjon som alder, livsfase, utdanning og kva de jobbar med.
- Kva behov har de for barnehage- eller skuleplass?
- Korleis ser jobbsituasjonen dykkar ut? Fortel oss gjerne om moglegheiter de har for å etablere dykk med jobb i området, eller om de allereie er i ein søknadsprosess.
- Når kan de tenkje dykk å flytte inn? Huset står klart for innflytjing frå 1. februar 2024.
2. Kva motiverer dykk?
- Kvifor ynskjer de å prøvebu bygda vår? Del tankane dykkar om kvifor dette er interessant for dykk, og kva de ser fram til å oppleve her.
3. Langsiktige tankar om busetjing
- Fortel oss gjerne om planane dykkar for korleis de vil løyse bustadbehovet dersom de finn ut at de vil bli buande i bygda.
4. Kva kan de bidra med?
- Me ynskjer å skape eit levande og aktivt lokalsamfunn. Kva kan de bidra med som nye naboar? Fortel gjerne om ynskje de har om å engasjere dykk i lokalsamfunnet eller delta i frivillige aktivitetar.
Me ser fram til å høyre frå dykk og håpar at søknaden dykkar kan gjeva oss eit innblikk i kven de er og korleis de ser for dykk å bli ein del av bygda vår!
Frist for å vise interesse: 1. februar 2025
Søknadsfristen er 1.februar 2025, og målet er å avgjere kven som blir dei fyrste prøvebuarane i midten av februar 2025. Me håpar på innflytjing før Fyrålåmi, vårens vakraste eventyr på Åmdals Verk, som går av stabelen i påska.
I tillegg til søknadane kan det bli aktuelt med intervju av søkjarane, dersom utvalsgruppa ynskjer å få eit betre bilete av kven de er. Vi legg stor vekt på å sikre eit mangfald blant søkjarane – ulike yrkesbakgrunnar, kulturar og livserfaringar vil bidra til eit levande og inkluderande miljø. Alle er oppmoda om å søkje!
Er du interessert i meir informasjon om praktiske detaljar? Ta kontakt med prosjektleiar for å få svar på dine spørsmål.
Søknad eller spørsmål sendes til birgith@hoegde.no, prosjektleiar for 59°Nord.