Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bygdeutviklingsmidlar

Du kan søkje kommunen om tilskot til investering eller bedriftsutvikling i landbruket.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Du kan søkje om investerings- og bedriftsutviklingsmidlar til

  • Etablering av ny verksemd
  • Bedriftsutvikling
  • Investeringar i produksjonsanlegg
  • Nedskriving av rentekostnader
  • Investeringar i økologisk fruktdyrking
  • Investeringar i samband med generasjonsskifte

Midlane blir sette av i jordbruksavtalen. Dei skal leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, bidra til sysselsetting, busetting og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i ressursane i landbruket generelt og landbrukseigedomen spesielt.

Målgruppe

Eigar av landbrukseigedom eller registrert føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket

Kriterium/vilkår

Søknaden blir vurdert ut frå dei fylkesvise retningslinene som er utarbeidde av Innovasjon Noreg.

Innovasjon Norge Telemark sine heimesider ligg her

Det er også utarbeidet ei ny sentral BU-forskrift som ligg på Landbruks- og matdepartementet sine nettsider.Her finn de Departementets strategi for næringsutvikling 2007 – 2009: ”Ta landet i bruk!”

Dokumentet ligg her.

Gjennom den regionale styringsplanen har Telemark mogleheit til, innanfor ramma av den sentrale BU-forskrifta, å gjere lokale sinetilpassingar. På følgjande punkt avvik Telemark noko frå dei sentrale forskriftene:

  • For etablererstipend har Telemark ein makssats på kr. 200 000
  • For bedriftsutviklingstilskot har Telemark ein makssats på 50%
  • For tilskot i samband med generasjonsskifte rettast ordninga mot dei som vil drive aktiv landbruks- og næringsverksemd. Telemark har ein makssats på 50% for kvinner og 40% for menn.

For investeringar følgjer Telemark dei makssatsane som kjem fram av den sentrale BU-forskrifta.

Det er verdt å merke seg at tiltaksgruppene Generasjonsskifte og Praktikantordninga er gjeninnført.

Generasjonsskifte forvaltast av Innovasjon Norge. Praktikantordninga forvaltast av FMLA.

For Handlingsprogram 2007 har ein valt å fronte fem område spesielt. Dei fem satsingsområda er:

  • Frukt og bær
  • Bioenergi
  • Sau
  • Storfe
  • Mat og reiseliv

Det er viktig å understreke at det ikkje betyr at dette er dei einaste områda som prioriterast i 2007. Også andre gode saker som er i tråd med sentrale og regionale føringer kan sjølvsagt vere støtteverdige. Det er imidlertid eit signal om at dette er fem område der ein vil jobbe spesielt med å få opp gode saker og å hjelpe til å få ei positiv utvikling i det inneverande året.

Søknadsskjema kan de få på landbrukskontoret eller ved å gå inn på heimesida til Innovasjon Norge.

 

E-søknader

Elektroniske søknader er innført for landbruksverkemidla. Treng de meir informasjon sjå Innovasjon Norge sine nettsider. Slå opp på www.innovasjonnorge.no. Vel ”søknader”. Vel ”om e-søknad”.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Lover og retningslinjer

Lover

Forvaltningsloven

Forskrifter

Forskrift om midler til investering mv. i landbruket

___

Vedlegg

Prosjektplan/forretningsplan

Saksbehandling

Søknad om tilskot sender du til kommunen. Kommunen vil uttale seg om søknaden og vidaresende han til Innovasjon Noreg, som avgjer saka.

Saksbehandlingstid

Innan éin månad etter at Innovasjon Noreg har motteke søknaden, skal du få eit mellombels svar der det går fram kven som er saksbehandlar, og kor lang saksbehandlingstid ein må rekne med.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til distriktskontoret til Innovasjon Noreg innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Innovasjon Noreg lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i Innovasjon Noreg, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Landbruk
Epost:postmottak@tokke.kommune.no
Postadresse:Storvegen 60 3880 DALEN
Besøksadresse:3880 DALEN

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:44