Slik kan du levere byggesøknaden din

For enkel og effektiv handsaming av byggesøknaden er det viktig at du leverer ein komplett søknad på ein av desse måtane:

Papir

Du kan få søknadspapir på kommunehuset eller du kan skrive dei ut her  - desse fyller du ut og sender pr post til Tokke kommune, Storvegen 80, 3880 Dalen

Epost

Du kan gjerne sende inn byggesøknaden på e-post til: postmottak@tokke.kommune.no - søknad som hovuddokument og kvart vedlegg for seg sjølv for enklast behandling. Søknadar skal ikkje sendast direkte til sakshandsamar.  

Elektronisk

Du kan også nytte elektronisk søknadsskjema for utfylling og levering av byggesøknaden din.

Tak gjerne kontakt om du lurar på noko.

Kva kan du bygge utan å søke

Byggetiltak som ikkje krev søknad eller løyve jf plan- og bygningslova § 20-5


Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal sakshandsaming dersom dei elles er i tråd med gjeldande plan, men nokre viktige føresetnader må vera oppfylt.

Dersom eit byggetiltak fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnaden  eller allmenne interesser, vil ikkje vilkåra for unntak vera oppfylt. I tillegg må tiltaket vera i tråd med føringar frå andre styresmakter t.d. Statens Vegvesen, kulturminnevern osb. 


Plan og bygningslova § 20-5. 

 

Nyttige tips om tiltak som ikkje krev søknad.

Tiltak du kan søke om sjølv

Byggetiltak der tiltakshavar sjølv kan stå ansvarleg jf plan- og bygningslova § 20-4


Denne søknadstypa har ikkje så omfattande krav til dokumentasjon og sakshandsaming som ein full søknad. I desse sakene har tiltakshavar sjølv eit ansvar for at tiltaket oppfyller alle krav som er gjeve med heimel i plan- og bygningslova. Avhengig av tiltakets vanskegrad og eigen kompetanse, kan det være nødvendig med byggfagleg bistand.

Dei vanlegaste tiltaka som er omfatta av denne type søknadar er mindre uthus, garasjar og tilbygg. 


Plan og bygningslova § 20-4.

 

Nyttige tips om tiltak du kan søke om sjølv. 

Tiltak som krev full søknad frå ansvarlege føretak

Byggetiltak som krev full søknad med ansvarlege føretak jf plan- og bygningslova § 20-3


I dei tiltaka som ikkje er nemnde over, skal ein levere fullstendig søknad. Slike søknader skal sendast inn av profesjonelle aktørar som skal ha nødvendig kunnskap om plan- og bygningslovas reglar. 


Kommunen krev at slik kunnskap dokumenterast gjennom utdanning og praksis, eller ved at det føreligg sentral godkjenning. Det er og krav til slik dokumentasjon for prosjektering, utføring og kontroll av byggetiltak som er søknadspliktig.


Plan og bygningslova § 20-3.

Har du spørsmål knytt til byggesøknader eller kva som er søknadspliktige tiltak, kan du ta kontakt med byggjesakshandsamar. Der er lurt å avtale tid på førehand.

Dersom sakshandsamar ikkje er til stades, ta kontakt med Tokke kommune på tlf 35 07 52 00 eller bruk e-post: postmottak@tokke.kommune.no