Formannskapet i Tokke har vedteke å starte opp arbeid med endring av ein del av reguleringsplan Høydalsmo Aust. Bakgrunnen for dette er politiske vedtak om sal av tomt 2 på næringsområdet på Høydalsmo som er regulert til camping/ motell. Vest – Telemark Næringsbygg AS har planar om å byggje leilegheiter på tomta. Framlegg til reguleringsendring inneber at store delar av det tidlegare regulerte campingarealet i starten av Slettemoen, blir regulert attende til friluftsområde. Den delen av tomta som er opparbeidd, blir føreslått regulert til byggjeområde – leilegheiter med utnyttingsgrad 50% BYA. For meir informasjon, sjå oversendingsbrev og vedlegga her:

 

 

Evt. merknader til reguleringsendringa skal sendast postmottak@tokke.kommune.no innan 16. august 2022. For meir informasjon, ta kontakt med kommunalsjef Gunhild Austjord på tlf 350 75 200.