Skader på ting kan skje i barnehagen/skulen. Det kan t.d. skje under leik,  i uteaktivitetar, i gymsal, på SFO, på skuleveg eller på leirskule. Det hender og at utstyr blir øydelagt eller blir borte. Det kan vere barnehagen/skulen sitt utstyr, eller utstyr som eit born eig.

For kva og når er barnehagen ansvarleg?

I kommunale barnehagar omfattast barnehagane av kommunens forsikringsordningar. Då gjeld forsikringane i den tida barnet oppheld seg i barnehagen, på turar/ekskursjonar, arrangement i regi av barnehagen, på veg til og få barnehage.

Når er barnehagen ikkje ansvarleg?

Barnehagen er ikkje ansvarleg for utstyr og ting som born har med seg heimanfrå. Den obligatoriske barnehageforsikringa dekkjer ikkje skade på briller og andre eigendelar. Om ein tilsett er uforsiktig, eller om barnehagen er aktlaus kan ein be barnehagen om erstatning.

For kva og når er skulen ansvarleg?

Kommunen er forplikta til å sørge for ulykkesforsikring for elevane i kommunen gjennom elevforsikring. Forsikringa gjeld på skulen, på skulevegen, på skuleturar, idrettsdagar, leirskule og andre arrangement som skulen er ansvarleg for. Slik lovpålagt forsikring dekker fyrst og fremst nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet, ikkje øydelagde gjenstandar.

Når er skulen ikkje ansvarleg?

Skulen er ikkje ansvarleg for ting som elevane har med seg heimanfrå. For dekning av skade på slike gjenstandar( briller, mobiltelefonar og liknande), må det teiknast privatforsikring som også gjelder når elevane er på skulen. Den obligatoriske elevforsikringa dekker dermed ikkje skade på briller og andre eigendelar. For å få erstatning, må erstatningsvilkåra vere oppfylt. Når desse vilkåra ikkje er oppfylt, må den skadelidne bere kostnadane sjølv.

Barns erstatningsansvar (§1-1- Lov om skadeserstatning)

Barn har plikt til å erstatte skader som dei utøver forsettleg eller aktlaust, når det er rimeleg av omsyn til barnets alder, utvikling, utvist åtferd , økonomisk evne og forholda øvrig. Barnets alder er av sentral betydning. Når det gjeld spørsmål om eit barn har handla aktlaust ,syner Høgsterett til at utgangspunktet for vurderinga er om nokon under 18 år har handla annleis enn andre barn og ungdom i same aldersgruppe vanlegvis handlar eller ville ha handla i same situasjon. Høgsterett understrekar at det bør vere adgang til å ta eit viss omsyn ikkje berre til den aldersgruppa barnet høyrer til, men og det modningsnivået barnet står på. Sagt på ein enklare måte kan ein seie at barnet må vere kome langt i si utvikling for å forstå at ei handling kan medføre skade. Her har graden av skuld og betydning. Det skal meir til å krevje erstatning grunna skade under uforsiktig leik, enn skade som skuldast at barnet med vilje at øydelagt andre sine eigendelar. Det krevst meir av store born enn av små.

Føresettes erstatningsanvar ( §1-2- Lov om skadeserstatning)

Føresette sitt erstatningsansvar for barn sine handlingar er regulert i skadeerstatningslova §1-2. Føresette kan bli pålagt eit objektivt ansvar, dvs. utan føresette eigen skuld, der som barnet har forvoldt skade ved aktløyse eller forsett. Ansvaret til føresette forutsett med andre ord at barnet har utvist skuld. Føresette sitt erstatningsansvar er etter dette alternativt avgrensa oppad  til kr. 5.000,- .