Erstatning for husdyr drept eller skadd av rovvilt
Du har rett til å få erstatning dersom husdyra dine er skadde eller drepne av bjørn, jerv, ulv, gaupe eller kongeørn. Søknad om erstatning skal sendast til Fylkesmannen.
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Etter naturmangfaldslova vil du kunne få erstatning når husdyr er drept eller skadd av rovvilt. Statens naturoppsyn skal undersøkje daude eller skadde dyr. I dei tilfella der dyr er forsvunne på beite og ein ikkje kan finne kadaveret for å slå fast dødsårsaka, kan Fylkesmannen likevel erstatte tapet dersom Fylkesmannen meiner at det er svært sannsynleg at tapet skuldast rovvilt.
Med husdyr meiner ein bl.a. sau, geit, storfe
Med rovvilt meiner ein gaupe, jerv, ulv, bjørn og kongeørn
Målgruppe
Husdyreigarar
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Lover og retningslinjer
Sjå naturmangfoldlova § 19 Erstatning for tap og følgekostnader når husdyr og tamrein blir drept eller skadet av rovvilt
Lover
NaturmangfoldlovenForskrifter
Forskrift om rovvilterstatning for husdyrRettleiing - korleis få utført
Du må fylle ut elektronisk søknad om rovvilterstatning i Elektronisk søknadssenter (ESS), sjå lenkja under.
Skjema
Elektronisk søknad om rovvilterstatningSøknadsfrist
Skjemaet må være fylt ut og sendt innan 1. november i tapsåret. Det kan likevel vere situasjonar som gjer det vanskeleg å halde fristen. Søknader som kjem inn etter fristen, blir avviste dersom du ikkje på førehand har avtalt noko anna med Fylkesmannen.
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: | Etat for plan og næring |
Postadresse: | Storvegen 60 3880 DALEN |
Besøksadresse: | Storvegen 60 3880 DALEN |
Andre opplysningar
Oppdatert: | 2019-05-08 10:44 |