Det er etablert luftsmittebrakke for å undersøkje personar med luftsmitte og feber på utsida av legekontoret. Førebels må vi ha strengt skille mellom ute og inne på legekontoret av omsyn til pasientar og helsepersonellet på jobb. Den var operativ i går og i bruk i dag. Vi håper å kunne ta imot pasientar som er utanfor koronasmittemistanke inne på legekontoret i større grad enn no i slutten av i neste veke. men mykje blir framleis på telefon og video.

Lars Håvard Eriksen , kommuneoverlege