Folkehelseinstituttet (FHI) har medio desember 2020 innført ein ny modell for å skildre risikonivået for smittespreiing eller smittefare. Denne nye modellen skal nyttast både nasjonalt, regionalt og lokalt i kommunane.

Tidlegare tala ein om «raude», «gule» og «grøne» område, og jamvel om dette var ein enkel måte å framstille smittefaren på så var denne metoden lite eigna på lokalt nivå. Mellom anna vart Tokke ein «raud» kommune om berre eit halvt menneske testa positivt. 

Denne nye modellen delar risikoen opp i 5 ulike nivå, der kvart risikonivå gjev uttrykk for graden av kontroll styresmaktene har på smittespreiinga. Om ein kommune vert vurdert til å vere på risikonivå 1 så er det lite eller ingen smitte i kommunen og situasjonen er under kontroll.
På nivå 2 er det klynger med smitte i kommunen, men framleis under kontroll. Nivå 3 inneber aukande smittespreiing, nivå 4 betyr at det er mykje smitte i kommunen som helsetenesta ikkje har kontroll på, og på høgaste nivå (5) er det ukontrollert smittespreiing, og strenge smittevernstiltak vil bli sett i verk. 

Kommuneoverlegen skal kvar veke framover gjere ei risikovurdering (ROS-analyse) av situasjonen i kommunen, og kommunen skal vurdere tilsvarande høvelege smittevernstiltak som bør på plass – eller takast bort om risikoen minkar. 

Du finn meir detaljert informasjon om den nye modellen her

For veke 4 er vurderinga at Tokke framleis er på lågaste risikonivå (1) - same som førre veke. Lokale tiltak blir fortløpande vurdert ut frå smittesituasjonen.