Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Fri rettshjelp

Fri rettshjelp er juridisk hjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Har du dårleg økonomi og treng juridisk hjelp, kan du søkje om fri rettshjelp. Dette inneber at staten heilt eller delvis dekkjer utgiftene dine til advokathjelp og fri sakførsel i retten.

Prioriterte sakstypar er

  • familiesaker
  • erstatning for personskade
  • oppseiing/utkasting av bustad 
  • oppseiing/avskjed i arbeidsforhold
  • trygd
  • pensjon

Målgruppe

Personar som ikkje har økonomi til å betale for juridisk rådgjeving eller sakførsel.

Kriterium/vilkår

  • Du har bruttoinntekt eller næringsinntekt som ikkje er større enn 246 000 kroner for einslege, 369 000 kroner for ektefellar. Formuesgrensa er 100 000 kroner
  • Du har ikkje teikna rettshjelpsforsikring som heilt eller delvis dekkjer utgiftene til juridisk bistand med mindre særlege forhold gjer det rimeleg

I enkelte tilfelle kan Fylkesmannen gjere unntak for inntektsgrensa. Uavhengig av inntekt og formue kan det blir gjeve fri rettshjelp

  • i barnevernssaker for Fylkesnemnda for sosiale saker
  • i saker om kvinnemishandling
  • når eit valdsoffer går til erstatningssøksmål mot gjerningsmannen

Advokaten som du ønskjer å nytte, må normalt halde til i nærleiken av der du bur eller har tilhald.

Pris for tenesta

Personar med bruttoinntekt under 100 000 kroner pr. år betalar ikkje eigendel.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Rettleiing - korleis få utført

For å få fri rettshjelp må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema der du gjer greie for den økonomiske situasjonen din. Skjemaet sender du til Fylkesmannen saman med opplysningar om kva saka gjeld. Vel du å ta kontakt med ein advokat, vil denne i mange tilfelle sjølv kunne innvilge fri rettshjelp eller hjelpe deg med å sende søknaden vidare.

Skjema

Fri rettshjelp (eigenerklæring, skjema)
PDF document
ODT document Søknad om fri rettshjelp

Vedlegg

Legg ved utskrift av den siste likninga eller annan stadfesting på din økonomiske situasjon dersom den har endra seg.

Saksbehandling

Hovudregelen er at Fylkesmannen avgjer saker om fri rettshjelp. I enkelte tilfelle kan likevel dette blir avgjort av advokaten sjølv eller av retten ved fri sakførsel.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Fylkesmannen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom Fylkesmannen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Justisdepartementet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:NAV Tokke
Telefon:55 55 33 33
Epost:nav.tokke@nav.no
Besøksadresse:Sentrumsbygget

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:44