Frisklivssentralen hjelper og støttar personar som ynskjer å endre levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald eller snus- og røykeslutt gjennom individuelle samtalar og gruppebaserte tilbod. Tilbodet er for deg over 18 år med fysiske og/eller psykiske helseutfordringar. Du treng ikkje ha ein diagnose eller vere sjuk for å delta, og tilbodet er gratis. Målet med frisklivssentralen er at deltakarane skal bli fysisk aktive i sin kvardag og få betre helse på kort og lang sikt. 

Målgruppe

Helsefremjande og førebyggjande tiltak for alle innbyggjarane, men med spesiell vekt på:

  • personar som har eller står i fare for å utvikle livsstilssjukdommar
  • personar med overvekt
  • personar som røyker eller snusar
  • personar med problem knytt til psykiske helse


Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deg til Frisklivssentralen. Når Frisklivssentralen har mottatt tilvisningen tar vi kontakt med deg for å avtale ei tid for helsesamtale. Du kan også kontakte oss sjølv. Dei som ynskjer hjelp til å endre levevanar kan ta kontakt, uansett om ein ynskjer å delta i ei behandlingsgruppe eller trenger meir informasjon og inspirasjon til å kome i gong.

Frisklivsresept

Ein frisklivsresept er eit tilbod til dei som har nytte av ei tettare oppfylging i form av eit individuelt eller gruppebasert tilbod. Målgruppa er personar som ynskjer å gjere ein livsstilsendring - kome i meir fysisk aktivitet og/eller gjere endringar i kosthaldet.

Tilbodet har ei varigheit på 12 veker med treningar to gonger i veka, i tillegg til individuell helsesamtale i forkant, undervegs og etter gjennomførtperiode.  Ynskjer du å delta, ta kontakt med ein av dei kommunale fysioterapeutane.

Det vert ikkje satt opp reseptgruppe hausten 2023, men det er moglegheit for individuell oppfylgjing. 

 

Bassengtrening

Oppstart: 17 januar 2024

Når: Onsdagar kl. 13.30 - 14.30
Kor: Tokkebadet
Målgruppe: Personar som treng ein alternativ treningsmetode, og ikkje kan nytte seg av anna tilbod.

Booking: Deltaking krev booking på www.tokkenett.no. Maks 10 personar.
Pris: eigenandel (kr 130,-) fyljer takstplakat opp til frikort.

60+ styrketrening

Når: Tysdagar kl. 10.00 - 11.00

Kor: Tokkegym

Målgruppe: Dette er eit tilbod for vaksne over 60 år som ynskjer variert styrketrening der ein sjølv har moglegheit for å styre treninga. Fysioterapeut er til stade for rettleiing ved behov.

Booking: Dette tilbodet krev ikkje booking. Om du ynskjer å bli med i gruppa, ta kontakt med fysioterapeutane på førehand.

Pris: Alle som deltek må ha medlemskap i Tokkegym. Dette kan kjøpast på kommunehuset: 300kr for 6mnd og  600kr for eit heilt år.

Sirkeltrening

Oppstart: 12 januar 2024

Når: Fredagar kl. 14.00 - 15.00
Kor: Elvarheim
Målgruppe: Alle som ynskjer funksjonell styrketrening for heile kroppen. Nivået på treninga vert tilpassa kvar enkelt deltakar.
Booking: Deltaking krev ikkje booking.

Pris: Gratis

Bekkenbotn og barselstyrketrening

Målgruppe: Vaksne som er gravid eller er i barsel og andre vaksne som har ein svakheit i bekkenbotn som krev rettleiing av fysioterapeut. I tillegg er det tilpassa generell styrketrening retta mot barselkvinnar.

Kor: Terapiavdelinga ved Tokkebadet.

Når: 8 veker. Frå veke 16 tom. veke 23.

Veke 16

Torsdag kl. 12.30-13.30

Veke 17

Torsdag kl.12.30-13.30

Veke 18

Torsdag kl.12.30-13.30

Veke 19

Onsdag kl. 12.30-13.30 NB! Kristi Himmelfartsdag torsdag.

Veke 20

Torsdag kl. 12.30-13.30

Veke 21

Torsdag kl. 12.30-13.30

Veke 22

Torsdag kl. 12.30-13.30

Veke 23

Torsdag kl. 12.30-13.30

 

Påmelding: ta kontakt med fysioterapeut Jette Bergfjord tlf. 46 93 14 27 for påmelding.

Booking: 10 deltakarar. Før ein kan få plass i gruppa må ein ha vore til samtale og vurdering hos fysioterapeut. Det er moglegheit for dette i veke 14 og 15.

Pris: Eigenandel følgjer takstplakat opp til frikort. Undersøking før og etter treningsperiode kr. 192,- per gong og kr.105-, per gruppetrening.

Utstyr: Ta med eige handkle og personleg treningsutstyr som drikkeflaske og egna tøy.

Info ang. barn: Det er lov å ha med barn på treninga. I utgangspunktet er treninga ikkje egna for barn som kan flytte seg i rommet. Det er opp til 10 personar som skal trene, og grunna dette må mor klare å halde barnet innafor eit lite område undervegs i treninga.