Arbeidet med å sikre vegen mot snøskred starta for fullt i fjor, men har hatt pause i vinterhalvåret. Det skal byggjast to store vollar som sikring mot snøskred. Store snømengder i vinter har gjort det vanskeleg å komme i gang med arbeidet tidlegare i mai. På grunn av tryggleiken er det nødvendig å halde vegen stengt ved Bjørnevatn i Agder frå tysdag 30. mai og ut heile juni medan sprengingsarbeidet går føre seg i Lauvåsen.
I vekedagane vil det opnast opp ein time både morgon og ettermiddag. Det er frå 07-08 på morgonen og frå 16-17 på ettermiddagen. Resten av døgnet er vegen stengd.
I helgene blir det ope frå fredag klokka 14 til måndag morgon klokka 08.