Det vert sett av god tid til svangerskapskontroll, samtale, informasjon og veiledning. Alle gravide har ulike behov og me prøvar å tilretteleggje omsorga slik du ynskjer. Ved fyrste timeavtale får du bøker og informasjonsbrosjyrer.

I svangerskapet er det frivillig å gå til jordmor eller lege eller vekselvis til begge.

Svangerskapskontrollane

Sjølve svangerskapskontrollane inneheld             

  • Blodtrykk
  • Urinkontroll    
  • Vekt  
  • Lytte til barnets hjerteslag 
  • Måle korleis barnet veks i magen
  • Rekvirere blodprøver      
  • Jordmor kan og henvise til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk dersom det er behov for dette, og utføre graviditetstest

Førebuande samtaler inneheld m.a.

  • Ventetida
  • Amming
  • Fødsel
  • Barseltida

 

Du får info./evt. bestille time for omvisning på føde/barselavdelinga i Skien. Ynskjer du ein annan fødestad enn Skien formidlar jordmor kontakt dit.

Gravide i Tokke kommune har tilbod om fylgjeteneste til fødeavdelinga i Skien.

Det er tilbod om at jordmor kjem på heimebesøk etter fødsel.

Jordmorvakta

Det er døgnkontinuerleg jordmorvakt i Seljord som du kan kontakte ved akutte ting i svangerskapet, ved fødselstart eller i barseltida.

Telefon 350 216 24.  Adresse: Jakob Naadladsveg 28, 3840 Seljord 

Skulle du ikkje få kontakt med vakthavande jordmor, ring

35 00 47 64 (fødeavd. i Skien)