Det er ynskje om å gjere endringar i reguleringsføresegnene for Hallbjønnsekken Sør eldre felt som gjeld inngjerding. Føremålet med endringa er å tillate gjerding i større grad enn i dag for å hindre beitedyr på opphaldsareal.

I eksisterande reguleringsføresegner er det ingen punkt som omfattar/regulerer gjerding på hyttetomter.

Det er ynskjeleg å legge til to nye føresegner under Byggeområde § 2.1

«Det er tillete å setje opp gjerde og grind på tomta for å halde husdyr borte. Inngjerda uteareal pr. tomt kan maksimalt vere 100 m2, inkl. veranda/terrasse. Gjerde skal utformast som skigard, remutgard eller stakittgjerde. Gjerde og grind skal ikkje ha større opning mellom bakken og materiale, og materialopning (mellom materialar), enn 10 cm. Gjerde og grind skal vere minimum 0,9 maksimum 1,2 meter høgt, utforma i treverk og ha naturfargar. Det er tillete med gjerdepålar og rammeverk i stål/jern. Gjerde og grind skal haldast ved like.»

Og:

«Mellom eventuelle verandapillarar skal det gjerdast mot beitedyr. Verandapillarar kan ikkje ha større fri over 60 cm. Er det større høgdeforskjell mellom terreng og veranda, skal terrenget fyllast opp.»

 

Føresegner Hallbjønnsekken Sør eldre felt, kan du lese her

 

Har du innspel til forslaget, ber me deg om å sende det til postmottak@tokke.kommune.no innan måndag 10.04.23.

Ved spørsmål, ta kontakt med Knut Erik Paulsen, tlf. 35 07 52 00