Det er ynskje om å gjere endringar i reguleringsføresegnene for Hallbjønnsekken Sør III som gjeld inngjerding. Føremålet med endringa er å tillate gjerding for å hindre beitedyr på opphaldsareal. Eksisterande reguleringsføresegner opnar ikkje for dette.

Det er ynskjeleg å legge til ei ny føresegn i § 3.1:

«Det er tillete å setje opp gjerde og grind på tomta for å halde husdyr borte. Inngjerda uteareal pr. tomt kan maksimalt vere 100 m2, inkl. veranda/terrasse. Gjerde skal utformast som skigard, remutgard eller stakittgjerde. Gjerde og grind skal ikkje ha større opning mellom bakken og materiale, og materialopning (mellom materialar), enn 10 cm. Gjerde og grind skal vere minimum 0,9 maksimum 1,2 meter høgt, utforma i treverk og ha naturfargar. Det er tillete med gjerdepålar og rammeverk i stål/jern. Gjerde og grind skal haldast ved like.»

Føresegner Hallbjønnsekken Sør III, kan du lese her

Har du innspel til forslaget, ber me deg om å sende det til postmottak@tokke.kommune.no innan måndag 10.04.23.

Ved spørsmål, ta kontakt med Knut Erik Paulsen, tlf. 35 07 52 00.