Det er ynskje om å gjere endringar i reguleringsføresegnene for Hallbjønnsekken Vest som gjeld inngjerding. Føremålet med endringa er å tillate gjerding i større grad enn i dag for å hindre beitedyr på opphaldsareal.

Eksisterande fellesføresegn for byggeområde, pkt. 1.1 g:

Gjerde eller andre type innhegning, også midlertidige tillates kun som avskjerming ved innganger. Avskjermet område begrenses til 30 m2.

Det er ynskjeleg å ta ut denne føresegna og erstatte den med to nye:

«Det er tillete å setje opp gjerde og grind på tomta for å halde husdyr borte. Inngjerda uteareal pr. tomt kan maksimalt vere 100 m2, inkl. veranda/terrasse. Gjerde skal utformast som skigard, remutgard eller stakittgjerde. Gjerde og grind skal ikkje ha større opning mellom bakken og materiale, og materialopning (mellom materialar), enn 10 cm. Gjerde og grind skal vere minimum 0,9 maksimum 1,2 meter høgt, utforma i treverk og ha naturfargar. Det er tillete med gjerdepålar og rammeverk i stål/jern. Gjerde og grind skal haldast ved like.»

Og:

«Mellom eventuelle verandapillarar skal det gjerdast mot beitedyr. Verandapillarar kan ikkje ha større fri over 60 cm. Er det større høgdeforskjell mellom terreng og veranda, skal terrenget fyllast opp.»

 

Føresegner Hallbjønnsekken Vest, kan du lese her

Har du innspel til forslaget, ber me deg om å sende det til postmottak@tokke.kommune.no innan måndag 10.04.23.

Ved spørsmål, ta kontakt med Knut Erik Paulsen, tlf. 35 07 52 00.