Influensavaksina er tilrådd for:

  • Alle over 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester og gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko.
  • Premature born mellom 6 mnd. og 5 år
  • Born og vaksne med:
    • Kronisk lungesjukdom (inkl. astma)
    • Hjarte- og karsjukdom (utanom velregulert høgt blodtrykk)
    • Diabetes type 1 og 2
    • Leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom
    • Nedsett immunforsvar
    • Alvorleg fedme (KMI over 40)
    • Andre alvorlege sjukdommar der influensa vil vere ein alvorleg helserisiko
  • Personar som bur saman med immunsupprimerte
  • Helsepersonell og andre tilsette med nær pasientkontakt
  • Svinerøktarar

Sjølv om ein ikkje er i ei av dei tilrådde gruppene, kan ein møte opp for å få influensavaksine.

Influensavaksinering kostar kr. 200,-.

Koronavaksine: oppfriskingsdose nr. 4 er no eit tilbod til alle mellom 18 og 64 år.

Alle aktuelle grupper kan møte opp for å få 1.,2.,3., eller 4.dose (frå 18 år), men du må opplyse kva dose du ynskjer.

Ved ynskje om evt 5. dose må du ta med eit skriv frå fastlege/ spesialist.

Koronavaksinering er gratis.

 

Informasjon om koronavaksinering frå kommuneoverlege Lars Håvard Eriksen:

Føremålet med det nasjonale koronavaksinasjonsprogrammet er framleis å førebyggje alvorleg sjukdom hos dei vaksinerte, dvs å redusere sjukdomsbyrda.

Risikoen for alvorleg sjukdom for personar mellom 18 og 64 år, utan underliggande sjukdom, som er grunnvaksinerte, har fått oppfriskingsdose nr. 3 og gjennomgått sjukdommen i tillegg, er svært liten. FHI tilrår likevel at denne gruppa får eit tilbod, men ikkje ein anbefaling, om  oppfriskingsdose nr. 4 no i haust. Dei grunngjev det med at det er rikeleg med tilgang på vaksine no, og at det kan være andre grunnar for å ynskje seg vaksinert, som til dømes reise, ynskje om å beskytte sine omgjevnadar og ynskje om å redusere faren for meir plagsame sjukdommar etter smitte, eller ein generell uro for sjukdommen. Tilbodet er og praktisk grunngjeve med å unngå dilemma med ein skarp aldersgrense mellom dei eldste i denne gruppa og dei som er 65 år.

Tidlegare vaksinasjon og gjennomgått sjukdom gir langvarig beskyttelse mot alvorleg sjukdom gjennom hukommelsescelleimmunitet, medan antistoffdannelsen er meir kortvarig, kanskje berre 3-4 månader. Antistoffdannelsen beskyttar mot lettare symptom og kanskje kortvarig noko mot å smitte andre.

Den nye oppdatera vaksine mot omikronvariant ser ikkje ut til å gje ekstra beskyttelse mot alvorleg sjukdom enn vaksinane som har blitt brukt.

Biverknader av vaksine er størst hos dei yngste med best immunforsvar. Tilfelle  av hjertebetennelse og menstruasjonsforstyrrelsar er anerkjende som moglege biverknader no. Ein har ikkje data på biverknader av oppfriskingsdosar i seg sjølv, men det er truleg det er det same.

Om long-covid er det ikkje kome ny sikker kunnskap no,  men det er klart at nokre få får langvarige plager etter infeksjon. Beskyttelse mot covid-19 med vaksine vil sjølvsagt og beskytte mot seinfylgjar.

Tilbodet gjeld og helsepersonell i denne gruppa. Det kom ikkje eiga anbefaling for helsepersonell. Grunngjevinga er at ny oppfriskingsdose no berre vil ha kortvarig effekt og at det er usikkert om det vil redusere risiko for å smitte pasientar. Effekt på reduksjon av sjukefråvær for helsepersonell er vurdert å bli svært liten då det ikkje reduserer fråvær grunna smitte frå andre luftvegsvirus, eller påverkar den generelt senkte terskelen for å halde seg heime ved luftvegssymptom.

Tilbodet for denne gruppa  blir no tilgjengeleg  i Tokke kommune. Det er frivillig. Kvar einskild får vurdere si eiga situasjon opp mot forventa nytte og biverknader.

 

Folkehelseinstituttet venter influensaepidemi til vinteren - FHI

Influensavaksine - FHI

Mulighet for flere til å ta ny oppfrisningsdose - FHI

Koronavaksinasjonsprogrammet - FHI