Det er viktig at du gjer det du kan for å skaffe svar på generelle spørsmål sjølv og ikkje overbelastar legekontoret med telefonar.

  • Du finn informasjon og konkrete råd om koronaviruset på helsenorge.no
  • Dersom du ikkje finn svar på det du lurar på, kan du ringe informasjonstelefonen på 815 55 015.
  • Dersom du trur du er smitta, ring fastlegen din.
  • Hvis du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakt på 116 117.
  • Rask psykisk helsehjelp er tilgjengeleg på telefon 970 58 050 i tidsrommet 8.00-16.00.
  • Diakon Eilev Erikstein tlf. 911 13 580 
  • Råd om samtale med barn og unge finn du HER.

Smittesituasjon i Tokke pr. 30.11.20

Laurdag 28.11 kom det melding om at ein person busett i Tokke hadde testa positivt på covid-19. Husstandsmedlemer er sett i karantene, og smittesporing og testing av nærkontakter held på.  

Førebels er det ikkje kjent korleis vedkomande har blitt smitta, så alle vert oppmoda om å fylgje dei smittevernsråd som gjeld.

...............................................................................................................................................................

Folkehelseinstituttet tilrår at alle personar med symptom på covid-19 vert testa så raskt som mogleg.

Alle som sjølv mistenker at dei er smitta av covid-19, bør få anledning til å teste seg

Følgande bør testas:  

  1. Alle med akutt luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19
  2. Alle som har vært utsett for smitte med covid-19, enten som nærkontakt eller etter reise i land eller område med høg førekomst dei siste 10 dagene
  3. Andre grupper kan testes etter vurdering av lege. Ved test av personar som ikkje har symptom og ikkje er smitteeksponerte, må positiv test bekreftes av ny test.

Born under 10 år med berre lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dager før eventuell testing. Born med rennande nese som einaste symptom – og som ellers har god ålmenntilstand utan andre tegn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, treng ikkje haldast heime eller bli testa.

Alle som vert testa bør halde seg heime til negativt prøvesvar ligg føre og dei er symptomfrie. 

I enkelte situasjonar kan det vere aktuelt å teste asymptomatiske, dvs personar som har andre symptom enn dei vanlege lista opp ovanfor. 

Døde i helseinstitusjon som lege mistenker hadde covid-19, bør bli testa post mortem.

Frå 2. juli kan alle som er testa sjekke prøvesvaret sitt på helsenorge.no:

https://helsenorge.no/om-min-helse/provesvar

Lars Håvard Eriksen

Kommuneoverlege i Tokke

Mistenker du at du er smitta?

https://helsenorge.no/koronavirus/koronasjekk

NB! Det er viktig at du ringjer legen før du oppsøkjer hjelp.

Tokke legekontor: 35 07 55 60

Legevakt: 116117

 

Flytskjema symptom.PNG

 

Korona symptom.PNG

 

Vestfold og Telemark er dela inn i to soner

Fylket delast i to soner. Kommuner med høy smitte er i «Sone 1». Dei innfører eigne regionale råd. Det gjelder Bamble, Færder, Holmestrand, Horten, Larvik, Porsgrunn, Sandefjord, Siljan, Skien og Tønsberg.

Kommunane i «Sone 2» følger nasjonale råd. Altså er Tokke kommune ein av desse.

Gjeldande lokale tiltak i Tokke pr. 30.11.20

Føremålet med alle dei tiltak som er sett i verk er å hindre og/eller begrense spreiing av smitte – også vanleg influensa. 

Tokke kommune fylgjer i det store og heile dei nasjonale råd og tiltak, og det er få særskilte lokale tiltak att. 

  1. Kommunale bygg er opne for publikum, men med tiltak for å hindre spreiing av smitte.
    Du vert oppmoda om å gjere deg kjent med kva for tiltak som gjeld kvart enkelt bygg og/eller arrangement om du skal nytte dette.
  2. Symjehallane er no delvis open – nærare informasjon finn du her:
    Tokkebadet opnar 26.oktober - TOKKE KOMMUNE
  3. Tokkegym opna 15.sept – sjå eigen artikkel om dette her:
    https://www.tokke.kommune.no/tokkegym-opnar-tysdag-15-09-kl-16-00.6332502-479946.html
  4. Spinningromet er stengt inntil vidare.
  5. Tokkehallen er berre open for skulebruk og korpset.
  6. Redusert opning av Soria Moria slik at avstandskrav og krav til ev smittesporing kan bli oppfylt. Ein må nytte bookingsystemet, og drop-in er det førebels ikkje opning for.
  7. Biblioteket - sjå denne informasjonen: https://www.tokke.kommune.no/bibliotek.482859.nn.html
  8. Skulane og barnehagane har drift på gult nivå.

Kommunale bygg kan lånast ut til private arrangement som normalt, men kommunen legg til grunn at den som låner lokale av kommunen fylgjer nasjonale reglar for arrangement på offentleg stad. Dette begrensar mellom anna kor mange som kan vere til stades.

 





 

 

 

Smittevernråd ved reiser innanlands

FHI har kome med nye smittevrnsråd for innanlands reiser – sjå denne lekkja

https://www.fhi.no/nyheter/2020/smittevernrad-ved-reiser-innenlands/

 

Spørsmål og svar om korona i Tokke

Spørsmål: Er det spesielle koronareglar for Tokke?

Svar: Nei, Tokke fylgjer dei nasjonale reglane fullt ut.

 

Reglar for besøk Tokke helsesenter

27.mai kom det nye råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Dei ber kommunane om å lette på besøksrestriksjonane ved sjukeheimar og omsorgsinstitusjonar, og samstundes ivareta personar som er særleg sårbare, andre pasientar/ bebuarar, pårørande og tilsette.

Pandemien er ikkje over og me må vere førebudde på at det kan kome nye smittebølger. Me som har ansvar for omsorgstenestene ber difor om: 

 

  • Alle besøk avtalast via telefon på førehand.

 Skjerma avdeling: 35075588

Korttidsavdeling : 35075583

Langtidsavdeling: 35075583

  • Besøkande må vere friske og ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon
  • Besøkande må halde ein meter avstand både ved besøk ute og eventuelt inne.
  • Alle besøkande må sprite seg når dei kjem, og ikkje ta på noko.
  • I noverande situasjon kan besøk vera mogleg på bebuaren sitt eige rom, men besøk bør fortrinnsvis vere i uteareal.
  • Ved besøk inne på bebuaren sitt rom skal det ikkje vere fleire enn 2 besøkande i gongen. Dette på grunn av retningslinjer om avstand.
  • Ved besøk ute er det ingen grense på antall, men alle må fylgje generelle smittevernreglar.
  • Besøkande skal ikkje vere i fellesareal inne på institusjon.
  • Avlastningspasientar får ikkje ha besøk. Dette på grunn av at langtidsbebuarar blir prioritert då dei er meir isolerte i denne tida.
  • Dersom besøkande har med seg noko til bebuar, må dette gjevast til ansatte slik at bebuar kan få dette seinare.
  • Me fører besøksprotokoll i tilfelle det vert naudsynt med smittesporing i etterkant.

 

Velkomen!

Tokke helsesenter

Ragna Iren Grave avdelingsleiar

Lars Håvard Eriksen smittevernlege

 

 

 

Brot på karantene/isolering

Kommunen understrekar at grove og forsettlege brot på karantenereglane kan straffast med bøter eller fengsel inntil 6 måneder, jf. smittevernloven § 8-1.

Informasjon til gravide

Gravide kan ha auka risiko for alvorlegare forløp av enkelte virusinfeksjoner om dei blir smitta, som t.d ved influensa. Vi vet foreløpig ikkje om dette og gjeld for sjukdommen covid-19.

Koronavirus er ei gruppe av virus som kan gje alt frå vanleg forkjølelse til alvorlige sjukdommar som SARS og MERS. Av tidlegare kjente koronavirus lignar SARS-CoV-2 (viruset som forårsaker covid-19) mest på SARS-viruset som forårsaka eit utbrudd i 2003. SARS ga imidlertid meir alvorleg sjukdom enn covid-19. Under utbruddet av SARS i 2003 mistenkte man at nokon gravide fikk alvorlegare sjukdom, og at infeksjon tidleg i graviditeten kunne gje spontanabort, men det blei ikkje vist at infeksjon med SARS førte til fosterskader.

Om koronaviruset kan smitte frå mor til foster før, under eller etter fødsel er usikkert. Viruset smittar fyrst og fremst ved dråpe- og kontaktsmitte. I ein artikkel som oppsummerer funn hjå ni kinesiske gravide som fekk påvisa covid-19 og deires born, blei det ikkje påvisa smitte til bornet. Det ble heller ikkje funne koronavirus i brystmjølka til desse kvinnene.

Råd for å forebygge smitte med det nye koronaviruset er dei same som for andre infeksjonssjukdommar, slik som god handhygiene og unngå unødvendig samvær med personer med symptomer på luftveissykdom.

Kilde FHI

 

Reglar og rettigheitar for landbruksnæringa

Mange har spørsmål om kva reglar og rettigheiter som gjeld for landbruksnæringa i situasjonen som følgjer av korona-viruset.

Her er det samla nyttig informasjon.

Informasjonsfilm

Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm om koronaviruset.

Mange born og unge har spørsmål om koronavirus.

I YouTube-filmen: https://youtu.be/v1W249tl1vA får du svar på spørsmål Hermine (13) stiller Helen (lege i Helsedirektoratet).

Filmen gjev òg informasjon som er viktig at voksne veit.