Tokke kommune fyljer nasjonale råd og retningsliner, det er per i dag ingen lokale tiltak.

Hald deg oppdtera om smittevern, testing, karantene, isolasjon og elles om koronasituasjonen på desse sidene:

 

Vaksinering og prioritering

Ynskjer du informasjon om kven som kan få 3 dose koronavaksine?

Trykk på lenke under:

https://www.fhi.no/nyheter/2021/enklere-tilgang-til-3.-dose-for-personer-med-nedsatt-immunforsvar/

Viss du kjem innanfor ei av disse gruppene og har innhenta dokumentasjon, så kan du ta  kontakt med Tokke legekontor for bestilling av time til vaksinering.

(Tokke legekontor tek ikkje direkte kontakt med kvar enkelt om time til 3 dose.)

Vi har neste vaksinedag 30.11.21 på Tokke kulturhus. 

Alle over 65 år får nå tilbod om 3. dose, men det må ha gått 5 månader sidan 2. dose, og 7 dagar mellom to ulike vaksiner.

Helsepersonell under 65 år må det ha gått 6 mnd mellom dose 2 og 3, og 7 dagar mellom to ulike vaksiner.

Informasjon om når ein fekk 2. dose finn ein på helsenorge.no.

Personar som bur på institusjon og omsorgssenter har fått tilbod der dei bur.

 

30.11.21 kl 9-11.30 og 12.30-14.30 på Tokke kulturhus vert det drop-inn til 3. dose vaksinering for alle over 65 år. 

Uvaksinerte og delvis vaksinerte kan også møte opp denne dagen.

 

13.12.21 kl 16.30 - 18.30 på legekontoret vert det drop-inn til 3. dose vaksinering for alle over 65 år. 

Uvaksinerte og delvis vaksinerte kan også møte opp denne kvelden.

 

17.12.21 kl  12.45 - 14.45 på Tokke kulturhus.

 

Barn som har fylt 12 år som førebels ikkje har fått vaksinen og uvaksinerte kan også møte til vaksinering ein av disse dagane.

Det vil i januar også bli sett opp ekstra dag/kveld for 3. dose vaksinering.

 

Vaksinestatus etter vaksinering 19 november:

Det blei sett totalt 144 doser, mesteparten var dose 2 for 16-17 åringane.

Det er totalt 1703  som har fått dose 1 og 1539 som har fått dose 2.

Kva gjer du dersom du blir sjuk

Les meir på denne sida dersom du har blitt sjuk: 
https://www.fhi.no/publ/2021/flytskjema-nyoppstatte-luftveissymptomer/

Les meir på denne sida dersom du er nærkontakt til nokon som er sjuke: 
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/narkontakter-og-isolering/

Testing av Covid-19

Er det stor mistanke om smitte av korona, eller anna årsak til at du må ta PCR-test, så kan du ringe for avtale, eller sende melding via helsenorge.no. Testing måndag til torsdag frå ca. kl 13:00.

Fredag frå ca. kl 10:00.

Testing vert gjort i smitteavdeling. Vent ute.

Hurtigtestar som kan nyttast ved vanleg forkjølelse kan hentast på legekontoret mellom kl 08-15.30. Etter stengetid kan hurtigtestar hentast på Åheim eller legevakta i Vinje. Testane er gratis.

 

z  99whGs LiPQAAAABJRU 5ErkJggg==

J 4VYAVYAVaAFWAFWAFWgBVgBcaHAv 8zPobJo 2QFWAFWgBVgBVgBVoAVYAVYAUMF 2AgYqsHvWQFWgBVgBVgBVoAVYAVYgXGiwL 8BDFT 5kg 0EtFUAAAAASUVORK 5CYII=

Korona symptom.PNG

 

Reglar for besøk Tokke helsesenter

 

Det er godt at vaksinering no opnar for meir besøk til bebuarar på sjukeheimen, og alle er velkomne til å besøke kjende og kjære. Men pandemien er ikkje over enno, og me må vere budde på at det kan koma nye smittebylgjer. Me som har ansvar for omsorgstenestane ber difor om at: 

  • Alle besøk avtalast via telefon på førehand:
    - Skjerma avdeling: 35075588
    - Korttidsavdeling : 35075583
    - Langtidsavdeling: 35075583
  • Besøkande må vere friske og ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjon
  • Besøkande må halde minst ein meters avstand.
  • Alle besøkande må sprite seg når dei kjem, og ikkje ta på noko.
  • Ved besøk inne på bebuaren sitt rom skal det ikkje vere fleire enn 2 besøkande i gongen. Dette på grunn av retningslinjer om avstand.
  • Ved besøk ute er det ingen grense på antall, men alle må fylgje generelle smittevernreglar.
  • Besøkande skal ikkje vere i fellesareal inne på institusjon.
  • Avlastningspasientar bør ikkje ha besøk om det ikkje ligg føre særlege grunnar.
  • Me fører besøksprotokoll i tilfelle det vert naudsynt med smittesporing i etterkant.

 

 

Velkomen!

Tokke helsesenter

Ragna Iren Grave avdelingsleiar

Lars Håvard Eriksen smittevernlege