Rassikringsarbeid og rehabilitering av murar på ulike stader langs vegen. Storleiken på murane varierer, og det er planlagt å bruke stag, sprøytebetong og armeringsnett for sikring. Fjellskjeringar vil bli reinska for lausmassar og sikra med boltar og ulike typar nett. Å ta i vare det ytre miljø er viktig i dette prosjektet, inkludert håndtering av freda artar.
Det blir arbeida 4 dagars veke frå måndag til torsdag.
Fylgjande opningstider gjeld for arbeidet:
- Vegen vil ha redusert passering forbi arbeidsområdet
- Måndag, tysdag og onsdag er vegen open frå kl. 1900 til kl. 0830 om morgonen, og frå kl. 1430 til kl. 1600 på ettermiddagen.
- I helgene vil vegen vera open frå torsdag kl. 1430 til måndag kl. 0830.
- vegen vil bli regulert ved hjelp av ljossignal eller dirigering i den tida den er open.
- Køyretøy med lengde over 13,5 meter kan ikkje passere når det er arbeid langs vegen.
Det kan bli endringar undervegs, og slike vil bli varsla spesielt. Me håpar at trafikantane viser omsyn og har forståing for dei ulempene dette medfører. Det er med tanke på deira tryggleik dette blir gjennomført.
Ved spørsmål som gjeld opningstider kan ein ringe telefonnummer: 175