Kva søkjar må gjere

  • Du må søkje om klarlegging av eksisterande grenser. Med søknaden legg du eit kart som viser kva for grenser du ynskjer klarlagd.
  • Søknaden må vera underskriven av heimelshavar/eigar.
  • Om der finst skulddelingsforretningar, kart eller annan dokumentasjon som kan ha betydning for klarlegging av eigedomsgrensa, bør desse leggast med søknaden.

Søknadskjema finn du her
Kartskisse kan du skrive ut her.

Kvar skal søknaden leverast

Søknaden din kan du levere på kommunehuset, epost eller med post:

Kva gjer kommunen

  • Du og andre aktuelle partar blir varsla om tid og stad for når eigedomsgrensa skal klarleggast (oppmålingsforretning).
  • I oppmålingsforretninga blir eigedomsgrensa påvist/sett ut, merkt med offentleg godkjende grensemerke, målt inn etter gjeldande reglar og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
  • Matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom sender me til deg.