Sommarvedlikehald

Sommarvedlikehaldet vert i all hovudsak utført av kommunens eigne mannskap og maskiner, men det vert leigd inn lokale entreprenørar ved behov. 

Vintervedlikehaldet

Vintervedlikehaldet vert utført både av eigne mannskap og maskiner, samt innleigde entreprenørar.

Teleløysing

I samband med teleløysinga på våren vert det innført akselrestriksjonar på dei fleste vegane. Restriksjonane vert annonsert i lokalavisa og på heimesidene til kommunen. Maks aksellast vert skilta på kvar enkelt veg. Etter veglova er det Statens vegvesen som har mynde til å gje dispensasjon frå restriksjonane, men det vert vanlegvis ikkje gjeve dispensasjon for anna enn buss i rute og renovasjonsbil.