Førebygging er vår viktigaste oppgåve når det gjeld hendingar som trugar sentrale samfunnsinstitusjonar, vår felles tryggleik eller den enkelte sin tryggleikskjensle. Kommunal beredskap handlar om å trygge innbyggarane gjennom godt planverk og praktiske tiltak.
 
Beredskapsarbeidet bygger på fire grunnleggande prinsipp:
 

Ansvarsprinsippet

Den organisasjon som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, har også ansvaret for nødvendige beredskapsførebuingar og for å handtere ekstraordinære hendingar på området. 

Likskapsprinsippet

Den organisasjon ein opererer med under kriser, skal i utgangspunktet vere mest mogleg lik den organisasjon ein har til dagleg.

Nærleiksprinsippet

Kriser skal organisatorisk handterast på lågast mogleg nivå.

Samvirkeprinsippet

Myndigheiter, verksemder og einingar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering.