Fast eigedom er for eksempel hus, gard eller ubebygd tomt eller andre areal. Siktemålet med konsesjonsreglane er å sikre busetjing. Det er kommunen som avgjer søknader om konsesjon.

Eigedommar som er fritekne for konsesjon.

  • Hovudregelen er at du kan ta over ein eigedom som ikkje er større enn 100 dekar og ikkje meir enn 35 dekar (frå 1. sept. 2017. Tidlegare 25 dekar) dyrka jord utan å søkje om konsesjon.
  • Ei tomt som er lagd ut til bustad- eller fritidsformål er også som regel friteken frå konsesjonsplikt. Dei fleste typar leilegheiter er også konsesjonsfrie.
  • Ubebygd areal som ikkje skal brukast til landbruk
  • Overtaking av eigedom frå nær familie
  • Når du som tek over eigedommen har odelsrett. Men då har eigedommen buplikt.

Som regel må du sende inn eit skjema om eigenfråsegn om konsesjonsfridom. Dette gjer du til kommunen.

Søkje om konsesjon

Dersom eigedommen er ein landbrukseigedom og ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon.

Utfyllt og signert eigenfråsegn eller konsesjonssøknad sendast til postmottak@tokke.kommune.no.

Konsesjon og buplikt

Dersom du ikkje har tenkt å bu på eigedommen, må du søkje om konsesjon utan buplikt.

Kriterium/vilkår

Søkje om konsesjon

Dersom eigedommen er ein landbrukseigedom og ikkje er friteken for konsesjon, må du søkje kommunen om konsesjon.

Det er ein del kriterium for å få ein slik konsesjon, blant andre:

  • at den avtalte prisen er innanfor ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling
  • omsynet til busetjinga i området
  • at overtakinga tek vare på ei driftsmessig god løysing
  • at den som tek over blir rekna som skikka til å drive eigedommen
  • at overtakinga tek vare på omsynet til heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapet

Pris for tenesta

Du må betale eit gebyr for handsaminga av søknader om konsesjon.