Kommunen har i veke 9 motteke 100 doser av vaksina frå AstraZeneca - og vil få 100 doser til neste veke (10). Denne vil bli gjeve til helsepersonell og personar under 65 år med underliggande sjukdomar. AstraZeneca si vaksine er berre godkjent for bruk til personar under 65 år.
Av den fyrste vaksina (Comirnaty frå BioNTech) har ein dei 2 siste vekene berre hatt nok til 2. dose-vaksinering.
Då det helst skal gå 12 veker mellom 1. og 2. dose med vaksina frå AstraZeneca, vil det ta tilsvarande tid før helsepersonell og andre som får denne vaksinen er fullvaksinert.
Per 1.mars var 90 personar (4,1 % av innbyggarane) fullvaksinera i Tokke.

Dei som er busett i kommunen, men har fastlege i annan kommune, vil også få tilbod  om å få vaksine ved Tokke legekontor. Arbeidspendlarar skal også få vaksina i heimkommunen.

Alle vert oppmoda om å ordne skyss til vaksinering sjølve, men dei som ikkje har høve til dette kan få tilbod om drosje.
Vaksina er gratis, og det er opp til kvar og ein om ein vil bli vaksinert, men kommunen tilrår alle å ta i mot tilbodet om vaksine.

Det er framleis uvisst når folk flest kan rekne med å få tilbod om vaksinering, då kommunen ikkje veit sikkert kor mykje vaksine som vert tildelt framover. Men ein legg til grunn at vaksinedosene vert jamnt fordelt rundt i landet, slik at Tokke fylgjer om lag same progresjon i vaksineringa som landet elles.
Folkehelseinstituttet (FHI) har laga ei prognose som tilseier at alle vil få tilbod om vaksine innan 1.aug i år, og at alle som ynskjer det vil kunne vere ferdig vaksinera i løpet av september.
Du kan lese meir om vaksinasjon på FHI sine sider her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/

Status på kor mange som er vaksinert i Tokke og i fylket elles kan du sjå her:

https://fylkesmannen.maps.arcgis.com/apps/opsdashboard/index.html#/0afb5b5e4a9746d5a16530f7bdd3bdad