Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kristendom, religion livssyn og etikk (KRLE)

Du kan få fritak frå dei delane av undervisninga som du opplever som støytande eller krenkjande ut frå religionen din eller livssynet ditt.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra / dei føresette få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra / dei føresette eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Skulen skal leggje til rette for at eleven får anna undervisning innanfor læreplanen. Det vil seie at eleven skal få den same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte. Elevar som har fylt 15 år, gjev sjølve skriftleg melding. Fritaksretten gjeld alle skulefag. Skulen skal kvart år informere elevane og foreldra / dei føresette om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.

Kristendom, religion, livssyn og etikk er eit ordinært skulefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Skulen skal vise respekt for elevane og foreldra / dei føresette sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring. Likevel kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre/føresette eller elevar opplever som problematiske.

Målgruppe

Elevar og foreldre/føresette til elevar

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Lover og retningslinjer

Sjå
forvaltningsloven
opplæringslova § 2-3 a Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa og § 2-4 Undervisninga i faget kristendom, religion, livssyn og etikk

Lover

Forvaltningsloven
Opplæringslova

Forskrifter

Fritak fra opplæring

Læreplan i KRLE

___

Rettleiing - korleis få utført

Foreldra / dei føresette må melde skriftleg til skulen kva for aktivitetar dei vil eleven skal fritakast frå. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølve gje skriftleg melding utan samtykke frå foreldra / dei føresette.

Klagemulighet

Dersom skulen ikkje godtek fritaksmeldinga, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Etat for oppvekst kultur idrett adm
Telefon:35 07 52 00
Epost:postmottak@tokke.kommune.no
Postadresse:Storvegen 60 3880 DALEN
Besøksadresse:3880 DALEN

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:44