Elg- og hjortejakt i kommuneskogane i Tokke

Tokke kommune har ledig elg- og hjortejakt i perioden 2020-2023 på fylgjande jaktvald:

  • Holtenuten (Lårdal) : pris kr 1000,- pr år
  • Bergland (Åmdals Verk) : pris kr 1000,- pr år
  • Lauvikfjell (Kyrkjebø):  pris kr 1500,- pr år
  • Nordbygda (Skafså): pris kr 2500,- pr år

Jaktretten gjeld 1 part i kvar av dei jaktvald som er nemnt. Det gjeld og rådyrjakt på dei teigane som er store nok til å få løyve. Det gjeld ikkje småvilt.

Vilkåra er:

  • Søkjar må vera busett i Tokke kommune når du søkjer og i heile perioden.
  • Søkjar må vera fylt 18 år ved jaktstart og godkjent skyteprøve for storvilt.
  • Søkjar kan ikkje eige eigedom som er med i nokon jaktvald eller ha anna tilgang på storviltjakt.
  • Søkarar under 35 år vil bli prioritert.

Den som får jaktretten må rette seg etter dei reglar som gjeld for kvart enkelt jaktvald. Ved fleire søkjarar på kvar eigedom, vert det lutdraging.

Søknadsfrist: 15. juni 2020

Skriftleg søknad sendast til:

postmottak@tokke.kommune.no

eller

Tokke kommune
Storvegen 60
3880 Dalen

Spørsmål rettast til skog- og utmarksrådgjevar Tlf. 35 07 52 44

Utlysing i VTB i dag 3. juni og fredag 5. juni.